Når naturen blir sjuk
Ved Austersjøen døyr fuglar, fiskar og muslingar av mangel på B-vitaminet tiamin. Svenske forskarar fryktar at den underlege mangelsjukdomen er verdsomspennande.
Mange av måsane Lennart Balk studerte langs austersjøkysten, var apatiske og ute av stand til å røre seg. Biokjemisk analyse viste at dei leid av alvorleg tiaminmangel.
Foto: Lennart Balk
Miljø
peranders@dagogtid.no
Soga om tiaminmysteriet tek til med eit merkeleg fenomen i svenske lakseklekkeri i 1990-åra. Mykje av lakseyngelen som skulle setjast ut i svenske elvar, sjukna og døydde utan noka påviseleg årsak, og det same skjedde med sjøauren. Slike episodar var kjende også frå 1970-åra. Forskarane som studerte yngelen, var i villreie om kva problemet var. Så fekk biokjemikaren Lennart Balk ein lys idé, inspirert av den canadiske forskaren John D. Fitzsimons, som hadde påvist at mangelsjukdom tok livet av yngel i canadiske klekkeri. Balk gav den sjuke yngelen tilskot av B-vitaminet tiamin, og dei små fiskane friskna raskt til att.
Men dette var berre starten. I 2004 byrja Balk å studere sjøfuglane i den sørsvenske skjergarden, der det var kjent at mange fuglebestandar hadde krympa raskt. Det han fekk sjå, var urovekkjande. Mange av sjøfuglane oppførte seg underleg. Ærfuglar og måsar verka sløve og apatiske, og dei klarte ikkje å ta til seg mat. Mange av fuglane var for svake til å flyge, og somme av dei var heilt paralyserte.
Apatiske fuglar
– Dødsraten i mange fuglekoloniar var svært høg. Veterinærane kunne ikkje skjøne kva det var som gjekk føre seg, seier Balk, som i dag er professor i biokjemi ved Stockholms Universitet.
Nok ein gong såg det ut til at tiaminmangel var problemet: Injeksjonar med B-vitaminet gjorde i alle fall dei sterkt svekte, apatiske fuglane friske i løpet av to veker, medan ingen av dei sjuke fuglane som ikkje fekk tiamin, kom seg att. Balk konkluderte med at tiaminmangel kunne vere ei viktig årsak til det dramatiske fallet i dei svenske sjøfuglbestandane.
Dei neste åra heldt dette biokjemiske mysteriet fram med å vekse. Også ål fanga i svenske farvatn viste seg å ha tiaminmangel. Og fenomenet dukka opp lenger ned i dyreriket òg: Mange stader langs Austersjøen gjekk blåskjelbestandane attende, og dei svenske forskarane fann alvorleg tiaminmangel også i blåskjel på svenskekysten.
– Dei funna vi har gjort, gjev grunn til alvorleg uro, seier Lennart Balk.
– Om det er noko som forstyrrar tiaminproduksjonen i naturen, kan det vere eit alvorleg trugsmål mot økosystema.
Livsviktig
Tiamin er eit livsviktig stoff for dei fleste dyreartar: Stoffskiftet i cellene til dyr fungerer ikkje utan dette B-vitaminet, som stadig må tilførast gjennom kosten. Det meste av tiaminet blir danna av plantar på land eller algar i sjø, og når plantene blir etne, følgjer stoffet med vidare opp gjennom næringskjeda.
Ein organisme som ikkje får nok tiamin, utviklar ei rekkje ulike plager, og varer mangelen for lenge, endar det med døden. Meir moderat tiaminmangel kan føre til at avkomet til dyra blir mindre levedyktig, slik tilfellet var med lakseyngelen frå dei svenske elvane og med ærfuglungar som Balk studerte: Dei var for sløve til å klare å rømme frå predatorar, og fekk eit svært kort liv.
Dersom fenomenet hadde vore avgrensa til Austersjøen, kunne ein ha tenkt seg at forklaringa var å finne i den alvorlege ureininga og overgjødslinga av dette brakkvasshavet. Men dei svenske forskarane har utvida undersøkingane sine dei siste åra og har funne tilfelle av tiaminmangel også hos sjøfuglar på Island og hos stillehavslaks i Nord-Amerika. Og forskarar i USA har laga eigne tiaminstudiar av dyr i naturen og gjort funn som minner om dei til Balk.
– Til saman er det oppdaga tiaminmangel hos over 30 artar til no. Det er til og med funne hos alligatorar i Florida, seier Balk.
Omstridd
Funna til Balk og kollegaene har fått ein god del merksemd i det internasjonale forskarsamfunnet, og arbeidet deira har mellom anna blitt publisert i prestisjetidsskriftet Nature. Men konklusjonane deira har òg fått kritikk frå ein del forskarar. Somme meiner at sjukdomane til sjøfuglane kan ha andre forklaringar, og hevdar at Balk har landa for tidleg på tiaminmangel som forklaring, utan å ha gjort nok for å eliminere alternative årsaker som botulisme eller andre bakterieinfeksjonar. Sjølv kjenner Balk seg trygg på eigne resultat.
– Dei biokjemiske analysane våre er solide, og vi har i tillegg kurert sjuke dyr ved å gje dei tiamin. Ei rekkje uavhengige forskarar har sett på arbeidet vårt og har tolka resultata på same måte som vi gjer. Eg vil seie at vi er temmeleg sikre på samanhengen mellom tiaminmangel og sjukdom – sikre bortanfor rimeleg tvil.
Land og sjø
Det som derimot er heilt usikkert, er kva som kan liggje bak tiaminmangelen hos så mange ulike dyreartar. Dersom det berre var snakk om sjøfugl, fisk og andre dyr i sjøen, kunne ein tenkt seg at forklaringa var å finne i planktonet i havet. Om til dømes planteplanktonet av ein eller annan grunn ikkje danna tiamin, ville ikkje blåskjela få i seg nok av vitaminet, og det ville heller ikkje ærfuglane som et blåskjel. Men fenomenet ser ut til vere enda større enn som så, forklarer Balk.
– Vi har òg funne tiaminmangel hos artar som finn maten sin på land, til dømes hos stare og elg i Sør-Sverige.
Somme forskarar meiner at den globale oppvarminga kan vere forklaringa på fenomenet. Men Balk ønskjer ikkje å trekkje ein slik konklusjon sjølv.
– For tida er det vanleg å forklare mange ting med klimaendringar, men eg vil ikkje hoppe på det utan vidare i dette tilfellet. Vi har i alle fall ikkje noko grunnlag for å hevde det.
Saknar årsaka
– Kan dette vere eit naturfenomen som oppstår av seg sjølv i periodar?
– Eg trur det er usannsynleg. Vi snakkar om ein alvorleg vitaminmangel som mellom anna kan føre til hjerneskade hos fuglar – eg trur ikkje det er eit naturleg fenomen. Sjølv om vi ikkje kjenner mekanismane bak dette, verkar det truleg at det er snakk om ei form for menneskeleg påverknad, seier Balk.
Han er varsam med å foreslå underliggande årsaker sjølv, men har likevel ein mistanke.
– Det kan vere ei form for luftureining som påverkar tiaminproduksjonen i alle slag planter. Eg er uroleg for at det er noko slikt som påverkar plantene både over og under vatnet. Studiane våre av fisk og fugl tyder på at dette går i bølgjer: Det kan vere stor mangel eitt år, så blir det betre, så dårlegare att.
– Så lenge det ikkje er lagt fram noka skikkeleg forklaring på dette fenomenet, er det truleg vanskeleg å få verkeleg gjennomslag i offentlegheita?
– Eg trur nok det. Vi har konstatert at tiaminmangel råkar ei rekkje dyreartar, men så lenge vi ikkje har funne mekanismen som ligg bak dette, er det ikkje noko for samfunnet å ta tak i. Difor er det så viktig å finne årsaka.
Sjuk laks
I haust har forskinga til Balk og kollegaene fått litt ekstra merksemd i Sverige på grunn av den dystre utviklinga til austersjølaksen. Stiftelsen för Östersjölaxen har registrert fleire ulike sjukdomsutbrot, mellom anna soppinfeksjonar, i alle dei svenske lakseelvane ved Austersjøen. Stiftinga åtvarar om at fleire svenske laksestammar er utryddingstruga. Og mange svenske lakseentusiastar krev meir forsking på tiaminfenomenet.
– Det er svært sannsynleg at tiaminmangel ligg bak det som skjer med laksen no, meiner Lennart Balk.
– Vi ser at laksen får mange ulike sjukdomar, anten det er sopp, parasittar eller virus. Det tyder på at det er immunforsvaret til laksen som sviktar. Vi har funne alvorleg tiaminmangel hos sjuk austersjølaks dei siste åra, og at tiaminmangel slår ut immunforsvaret, er vel etablert biokjemisk kunnskap.
Eit omstridd spørsmål
Dersom det faktisk er vitaminmangel som slår ut mykje av austersjølaksen, er det høgst uklart kva ein kan gjere med det. Sure elvar kan ein kalke, og lakseyngel i klekkeri kan få tiamintilskot, men ein kan ikkje gje kosttilskot til heile Austersjøen. Og framleis er forskinga på dette temaet berre i startfasen. Sjølv om dei biokjemiske studiane til Balk og kollegaene etter alt å døme er solide, er det svært usikkert i kva grad tiaminmangel kan forklare dei minkande bestandane av austersjølaks og andre dyreartar. Somme svenske og amerikanske forskarar er erklærte skeptikarar til heile hypotesen, medan andre meiner tiaminmangel kan vere ei viktig årsak til minkande dyrebestandar rundt i verda. I år førte tidsskriftet Trends in Ecology & Evolution opp tiaminmangel på den årlege lista si over potensielt alvorlege trugsmål mot det biologiske mangfaldet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dei funna vi har gjort, gjev grunn til alvorleg uro.
Lennart Balk, professor i biokjemi
Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.