JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når kritikk blir terrorisme

Kva er det som gjer at ein 17 år gamal gut vel å sprengje seg sjølv i lufta, spurde journalist Svetlana Prokopjeva etter eit terrorangrep. I det stadig meir autoritære Russland førte det til at ho sjølv vart sikta for terrorbrotsverk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Svetlana Prokopjeva. Foto: Lev Sjlossbergs Facebooksida

Foto: Lev Sjlossbergs Facebooksida

10439
20200529
10439
20200529

Russland

amund.trellevik@gmail.com

«Vondt avlar vondt. Den omsynslause staten fødde ein borgar som gjorde døden til sitt argument. Håpar han er eit unntak.»

7. november 2018: I programmet sitt, «Opplysande stund», på lokalsendinga til radiokanalen Moskvas Ekko i Pskov diskuterer journalist Svetlana Prokopjeva (40) terroråtaket som veka før hadde ramma den nordrussiske byen Arkhangelsk: Ni minutt før klokka ni om morgonen onsdag 31. oktober går ein 17 år gamal gut inn hovudinngangen til den føderale tryggingstenesta FSB. Den fire etasjar høge steinbygningen ligg sentralt i byen i Trotskij-gata ved breidda av elva Dvina. Medan morgontrafikken hastar forbi utanfor, spaserer 17-åringen roleg mot metalldetektoren, opnar sekken og detonerer ei heimelaga bombe. 17-åringen døyr, tre FSB-offiserar vert skadde.

Angrepet kom som ei stor overrasking på Arkhangelsk, ein roleg by ved munninga av Kvitesjøen med rundt 350.000 innbyggjarar. Ikkje berre var åstaden for angrepet mange tusen kilometer unna dei urolege republikkane i Nord-Kaukasus, der sjølvmordsangrep mot militære einingar og politistasjonar er eit stadig tilbakevendande problem. Men i ein beskjed på meldingstenesta Telegram få minutt før angrepet skreiv ein person som seinare vart identifisert som den unge sjølvmordsbombaren, at årsaka angrepet var opplagd: «FSB fabrikkerer straffesaker og torturerer menneske.»

Svetlana Prokopjeva ville ha svar på kva som gjorde at ein ung gut valde å ta det radikale skrittet og gjennomføre ein sjølvmordaksjon.

– Det er viktig for meg å snakke om kva retning byen vår, regionen vår og landet vårt går i. Eksplosjonen i FSB-bygningen, som terroristen sjølv forklarer med politiske motiv, kunne eg sjølvsagt ikkje unngå å diskutere. Dette er inga vanleg hending, seier Prokopjeva i eit intervju med Dag og Tid.

KNEBLING AV RETTAR

I radioprogrammet drog Prokopjeva linjer frå terrorangrepet til det politiske klimaet i Russland under president Vladimir Putin. Ho argumenterte for at aktivisme og sosialt engasjement i landet er sterkt kontrollert, noko som fører folk til desperate handlingar. «Langsiktig knebling av politiske og sivile rettar i Russland har skapt ein ikkje berre ufri, men også undertrykkjande stat», sa Prokopjeva.

«Ei sterk regjering. Ein sterk president, sterke guvernørar. Eit land der makta høyrer til tryggingstenestene. Den generasjonen som angriparen i Arkhangelsk er ein del av, har vakse opp i denne atmosfæren. Dei veit at dei ikkje kan delta i demonstrasjonar, for då vert dei jaga bort, får juling av politiet eller blir fengsla. Dei veit at einmannsprotestar er straffbare. Dei ser at det berre er nokre få politiske parti ein kan vere medlem av, og der er det fastsett på førehand kva meiningar ein kan ha. Denne generasjonen har lært at det ikkje løner seg å gå til domstolane. Der får dei ikkje rettferd likevel, og avgjerslene er tekne frå toppen.»

«17-åringen såg ingen annan måte å kommunisere med omverda på enn gjennom terrorangrepet, og det ansvaret har staten», sa Prokopjeva.

Sett utanfrå var terroristen ein normalt fungerande person og ein pliktoppfyllande elev ved det tekniske universitetet der han studerte. Men etter terrorangrepet har det kome fram at 17-åringen hadde den kommunistiske opprørsleiaren Sergej Netsjajev som førebilete. Netsjajev var på slutten av 1800-talet sentral i den revolusjonære rørsla i Russland og kjend for sin fanatiske kamp der alle tilgjengelege middel vart tekne i bruk, også politisk terror.

Han høyrde til eit venstreradikalt miljø, ifølgje den russisk-språklege tenesta til BBC, som også intervjua den skaka bestemor hans etter terroråtaket:

«Han røykjer ikkje, han drikk ikkje, han bannar ikkje. Han har ikkje slutta på skulen, han møter framleis opp på forelesingar», kunne ho fortelje.

– Eg er framleis overtydd om at eksplosjonen i Arkhangelsk er ein viktig indikator på den sosiopolitiske haldninga i Russland. Etter mi meining er dette eit prov på radikaliseringa av protestrørsla i samfunnet, og for meg er det viktig å diskutere årsakene til denne radikaliseringa, seier Prokopjeva i dag.

MED LOVA I HAND

Radiosendinga skulle få alvorlege konsekvensar for journalisten og vise korleis stadig meir autoritære lover får direkte følgjer for ytringsfridomen i Russland.

Få veker etter sendinga dukka den første åtvaringa frå det russiske medietilsynet Roskomnadzor opp. Både radiokanalen Moskvas Ekko og nyhendenettstaden Pskov, som publiserte ein tekst signert Prokopjeva under tittelen «Statleg undertrykking», vart bøtelagde med 350.000 rublar, rundt 45.000 kroner. Medietilsynet meiner «orda til journalisten inneheldt teikn på rettferdiggjering av terrorisme». Nyhendenettstaden Pskov valde deretter å avpublisere artikkelen.

Tre månader etter sendinga, i februar 2019, opna politiet straffesak mot Prokopjeva. Ho blir etterforska for brot på paragraf 205.2 2. ledd i straffelova: offentleg oppfordring til terrorverksemd eller offentleg grunngjeving av terrorisme.

Saka mot Prokopjeva har fått stor merksemd også internasjonalt. Fleire leiande organisasjonar som arbeider for ytringsfridom og betre arbeidsvilkår for journalistar, har bede russiske styresmakter om å leggje bort alle skuldingane: Reporterar utan grenser, PEN International og Human Rights Watch. EU er uroleg for stadig verre tilhøve for uavhengig journalistikk i Russland:

– Me forventar at Russland følgjer opp dei internasjonale og nasjonale forpliktingane sine og syter for at journalistar kan arbeide i trygge omgjevnader utan frykt for represaliar, heiter det i ei fråsegn frå EUs utanrikssjef i april i år.

Men kva hjelper det? Europarådet, som jobbar for å fremje demokrati, menneskerettar og utvikling av rettsstaten, opplyser at Russland i fjor ikkje eingong responderte på i alt 17 ulike saker som gjeld vilkåra for ytringsfridom i landet, som Prokopjeva-saka. Russland er medlem av Europarådet, men ignorerer varsla som kjem frå organisasjonen.

KRIG OG FRED

Russiske styresmakter har dei siste åra innført ei rekkje nye lover som i praksis legg ei klam hand over det offentlege ordskiftet. Journalistar, bloggarar, akademikarar og samfunnsdebattantar, og ordinære borgarar med ein privat konto i sosiale medium, risikerer bøter og straffeforfølging for å uttrykkje meiningar som bryt med den offisielle linja. I ei rekkje viktige tema som krigen i Ukraina, rettane til homofile, terrorisme og ekstremisme, religiøs makt og andre verdskrigen finst det spesifikke lover som regulerer kva ein har lov til å uttrykkje. Lovtekstane er ofte så vagt utforma at dei kan ramme kven som helst:

I 2014 kom «lov mot rehabilitering av nazismen». Lova gjer det straffbart å «nekte for fakta som er stadfesta av den internasjonale militære domstolen i Nürnberg», eller å «bevisst spreie falsk informasjon om aktivitetane til Sovjetunionen under andre verdskrig». Det er heller ikkje lov å publisere informasjon om det militære eller minnedagar knytte til Russlands forsvar «som er klart respektlaus overfor samfunnet», eller «offentleg vandalisere symbol på Russlands militære ære». Brot på lova kan straffast med bøter opptil 500.000 rublar, ei årsløn for mange russarar, eller opptil fem års fengsel og yrkesforbod i ytterlegare tre år.

Ein bloggar som samanlikna den tyske invasjonen av Polen med den sovjetiske invasjonen av same land i 1939, vart i 2018 dømd for «falsk informasjon om Sovjetunionens aktivitetar under andre verdskrig».

Historikar Ivan Kurilla ved statsuniversitetet i Volgograd seier lova er så vagt skriven at ho også kan skape problem for dei som forskar på krigshistoria.

«Den store patriotiske krigen er midtpunktet i landets historie; han spelar ei sosialiserande rolle og samlar russarar. Eit forbod mot å ta opp historia gjer sentrale delar av Russlands historiske narrativ om til ei blindsone. Om ingen vil stille nye spørsmål om krigen, om krigen berre eksisterer i det offentlege rommet i form av stagnerte heilage tekstar og minnesmerke ein ikkje kan røre, vil krigen slutte å representere den faktiske fortida og miste meininga si», skriv Kurilla i ein analyse for forskingsnettverket PONARS Eurasia.

SMÅ GRØNE MENN

Like etter at russiske soldatar tok over ukrainske Krim i 2014, kom lova som gjer det forbode å stille spørsmål ved den territoriale integriteten til Russland «innanfor det russiske styresmakter til kvar tid definerer som sine grenser». Lova gjer det umogleg å drive journalistikk om den russiske annekteringa av Krim, ettersom lova kriminaliserer det å ikkje godkjenne halvøya som ein del av den russiske føderasjonen.

Mykola Semena jobba som journalist for den amerikansk-finansierte nettstaden Krim.realii, ei nettside underlagd Radio Free Europe / Radio Liberty, då han i 2016 vart arrestert på Krim. Året etter vart han dømd til to års fengsel på vilkår for «separatisme» og pålagd yrkesforbod i tre år.

Det er straffbart å promotere «ikkje-tradisjonelle seksuelle verdiar» overfor mindreårige, noko som gjer all form for offentleg debatt om rettane til seksuelle minoritetar svært vanskeleg. Det er også straffbart å «krenkje kjenslene til religiøse», noko som til dømes effektivt set ein stoppar for kritisk journalistikk om den auka politiske makta som den russisk-ortodokse kyrkja har fått i Russland.

Sakte og gradvis har atmosfæren for offentleg debatt i Russland blitt dårlegare, fortel Prokopjeva. Sidan 2002 har ho arbeidd som journalist. Ho er utdanna historikar, noko ho meiner har vore til stor hjelp for å kunne kjenne igjen farlege endringar i måten landet vert styrt på.

– Mesteparten av tida mi som journalist har den uavhengige pressa skrive om desse endringane, som avskaffing av folkevalde guvernørar, reduksjon av lokalt sjølvstyre og stadig færre straffesaker som vert førte for ein domstol med jury. Dei fleste av medborgarane mine har ikkje brydd seg om desse endringane. I dag har dei innsett at landet har sklidd inn i autoritarismen. Eg kan heise flagget og seie: «Kva var det eg sa!» Men dette er berre trist, seier Prokopjeva.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eksplosjonen i FSB-bygningen, som terroristen sjølv forklarer med politiske motiv, kunne eg sjølvsagt ikkje unngå å diskutere – dette er inga vanleg hending»

Svetlana Prokopjeva, journalist

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis