Når kriminalitet blir normalen

Fattigdom og keisemd er ein farleg kombinasjon, seier ungdomsarbeidaren Mohamed Fariss.

Ein mann vart skoten og drepen på Grønland førre helg. Her er politiet ved staden.
Ein mann vart skoten og drepen på Grønland førre helg. Her er politiet ved staden.
Publisert

Det har vore fleire skyteepisodar i Oslo den siste tida. I slutten av oktober vart ein 18-åring skoten og alvorleg skadd på Tøyen torg. Ei månad seinare vart ein mann skoten på Furuset. Og sist sundag vart ein mann i slutten av 20-åra skoten og drepen på Grønland, rett ved ungdomsklubben Riverside, arbeidsplassen til barne- og ungdomsarbeidar Mohamed Fariss. Fariss, som òg er frivillig i sportsklubben Sterling, meiner det ikkje har blitt meir kriminalitet dei siste åra, men at valden har blitt hardare.

– Kvifor har valden blitt hardare?

– Rus er eit stort problem. Dei finn også inspirasjon frå Sverige i tillegg til i filmar og musikkvideoar. Tek me til dømes bruk av kniv i Oslo, er dette ein ukultur som stammer frå England.

– Kven er desse personane som hamnar i kriminelle miljø?

– Det er først og fremst dei som slit med fattigdom, og som kjem frå store familiar med liten plass. Mange brukar mykje tid ute i gata fordi dei må gi rom til småsøskena sine heime. Eg plar seie at fattigdom og keisemd er ein farleg kombinasjon. Fattigdom gjer at ungdomar søkjer seg til miljø der dei kan tene pengar på å selje narkotika. Det startar i det små.

– Kva kjempar dei om?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement