JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når får Erdogan Nobels fredspris?

Kampen for fred og fotball er ikkje utan ein dose nordvesteuropeisk etnosentrisme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan då ha talte til Nato-møtet i Madrid 30. juni i år.

Foto: Manu Fernandez / AP / NTB

5776
20221209
5776
20221209

hompland@online.no

Lista over fredsprisvinnarar er ærefull, heiderleg, av og til triviell og med skammelege innslag. Det er ein oppmuntringspris for den gode viljen, takk for lang og tru teneste og gode gjerningar, ein pris for håp og idealisme, men også for realpolitisk kynisme. Og gitt er gitt: Prisen kan ikkje trekkast tilbake om prisvinnaren startar nye krigar, som den etiopiske statsministeren Abiy Ahmed (2019).

Dynamittkapitalisten Al­fred Nobel, som stifta prisen i 1901, var påverka av fredsaktivisten Bertha von Suttner, som fekk prisen i 1905. I statuttane er det tre krav, og vinnaren må oppfylla minst eitt av dei: «reduksjon av militærstyrker, arrangering av fredskongresser, nasjonenes forbrødring». Det står ingenting om humanitært arbeid, genmanipulert korn, skogplanting, klima eller menneskerettar.

NOBELKOMITEEN tolkar stiftarens vilje i nye tider og kontekstar, og bra er det, for mange stiftingar skriv seg ut av soga som irrelevante fordi dei er juridiske slavar av stiftarens siste ord. At årets pris går til kritiske sivilsamfunnsorganisasjonar i Russland, Belarus og Ukraina, er vel fortent etter Nobels reviderte.

Dei justerte kriteria har ført til både modige og tullete prisar. Til dei dristige høyrer den fengsla tyske pasifisten Carl von Ossietzky i 1935 og den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo i 2010. Den første skapte interne kalamitetar i Noreg og kontroversar med Tyskland. Etter den andre hamna Noreg i fryseboksen til me gjorde lakseknefall for Kina.

Thorbjørn Jagland sette sitt stempel på to til: den premature til dronepiloten Barack Obama i 2009, og til EU og den europeiske draumen i 2012.

MEST KONTROVERSIELLE er fredsprisane til fiendar som har starta valdelege konfliktar, men også bidratt til gjera slutt på dei. Då Henry Kissinger og Le Duc Tho delte prisen i 1974, nekta vietnamesaren å stilla opp saman med ein amerikansk krigsforbrytar. Fangen Mandela og apartheidpresidenten de Klerk i 1993 var også eit merkeleg par. Og ikkje minst Yassir Arafat, Shimon Peres og den uvillige Yizhak Rabin for Osloavtalen i 1994, med Terje Rød-Larsen i kulissane.

DEN NORSKE Nobelkomiteen blir vald av Stortinget og var lenge fylt av aktive politikarar og nærståande. Nå er det mest framståande ekspolitikarar som blir utpeika etter partistyrken på Stortinget. Når vinnaren blir feira av konge, statsminister, utkommanderte barn og norske statsmakter, er det fånyttes å få verda med på at prisen ikkje speglar perspektiva til det norske politiske etablissementet.

Byråsjefen meiner likevel at verda skal vera glad for at det ikkje er ein svensk komité som står for utdelinga, for då hadde vel Erdogan kravd fredsprisen for sleppa Sverige inn i Nato – og antakeleg fått han.

RUSSLANDS ÅTAK på Ukraina er årets militære og sivile tragedie. Krigen kan føra til audmjukande tap på slagmarka, men blir ikkje avslutta med siger, nederlag og klassisk kapitulasjon. Han kjem til å enda ved eit forhandlingsbord, og den som har størst sjanse til å føra partane saman, er Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.

Når dei stridande ikkje vil ha kontakt, må dei snakka gjennom nokon, og Erdogan stiller seg til rådvelde. Han er utkropen og gjer seg uunnverleg ved å manøvrera mellom gamle og nye venner og fiendar. Han har bakkanalar til Putin og godsnakkar med Stoltenberg. Han vil ikkje vera med på tøffe sanksjonar mot Russland, men leverer dronar til Ukraina. Han har vore mellommann ved korneksport og fangeutveksling.

Sjå bort frå stadig meir autoritært styre, brot på menneskerettar, innskrenka ytringsfridom og brutale og spesielle militæroperasjonar i grannelanda. Same kven som begynte, er det slutten på krigen som tel – i tråd med Alfred Nobels testament og tidlegare praksis i Nobelkomiteen. Erdogan mellom Zelenskyj og Putin ville ha vore litt av ein troika i Oslo rådhus!

***

RETTINGAR. Spaltisten hadde eit heller nedlatande sideblikk då fotball-VM blei sparka i gang: på feil stad, til feil tid, med potemkinske kulissar og utan menneskerettar. Og med apartheid slik at migrantarbeidarane får sjå fotball på storskjermar på eit audt industriområde, utan å forstyrra glansbildet. Med Fifa, Infantino og Qatar som sportsvaskarar som ser seg som verdige kandidatar til Nobels fredspris.

INNHALDET STÅR FAST, men inntrykket har endra seg. Festen tok over for faenskapen då fotballen rulla og rula. Av alt som er uviktig i verda, er fotball det viktigaste.

Det har gått vennleg og fredfullt for seg, men ikkje tyst. Øyredøyvande hordar av autentiske fans frå dei ikkje-europeiske delane av verda gir seg over til festen. Titusenvis av argentinarar og brasilianarar syng og dansar i takt med Messi og Neymar. Senegalesarane har vore spektakulære, og heime i Dakar fnyser dei av hykleriet frå gamle kolonimakter som også kontrollerte Fifa som sin eigen bakhage. Infantino som TV-gallionsfigur på tribunen er ein frigjerar som har vida ut den globale fotballfamilien.

I Midtausten er dei stolte over det strålande arrangementet og vifta med palestinske flagg då Marokko slo Spania. Leiaren av Qatar-VM meiner seg utsett for rasistisk orientalisme og eit antimuslimsk og antiarabisk korstog frå gamle kolonialistar.

PARADOKSALT NOK er fleire av dei mest kritiske landa slått ut (Danmark, Tyskland, Belgia), men Nederland og England heng stadig med. Mens det dobbelspelande Frankrike, med Mbappé i front, har vore ei openberring.

Spaltisten må medgje at kampen for våre gode og protestantiske verdiar ikkje er utan ein dopa dose nordvesteuropeisk moralisme og etnosentrisme.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Erdogan mellom Zelenskyj og Putin ville ha vore litt av ein troika i Oslo rådhus.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Beatrice Salvioni blir samanlikna med forfattar som Elena Ferrante og Natalia Ginzburg.

Foto: Vittoria Bernini

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Jentene gjer opprør

Beatrice Salvioni skildrar hardt pressa ungjenter i Førkrigs-Italia i romanen Den fordømte jenta.

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis