Når ein pave går av

Det er ikkje overraskande, men likevel sensasjonelt at pave Benedikt 16. ikkje ber krossen til endes.

Publisert Sist oppdatert

Verdspressa har dei siste dagane vore full av omskrivne nekrologar. Det vert ikkje same freden over minneorda når paven berre er gått av, og ikkje bort. Journalistar har leita bakover i soga for å finna ut om slikt har hendt før. Dei har drege fram fleire døme, det siste seks hundre år gamalt. Hadde dei sett nærare etter, ville dei oppdaga at det var noko nær det motsette som hende då: Konsilet i Konstanz tok seg ikkje berre tid til å døma Jan Hus til bålet – det avsette to rivaliserande motpavar, Johannes 23. og Benedikt 13., og pressa pave Gregor 13. til å trekkja seg. Han gjekk med på dette, men det var langt frå friviljug.

Det finst berre eitt døme på at ein pave har «gått av» utan å vera tvungen av ytre omstende, og det var Celestinus 5., som vart vald 5. juli 1294 og sa frå seg embetet 13. desember same år. Han var sjølv ikkje kardinal, men då kardinalane hadde krangla i over to år utan å verta samde om ein kandidat, samla dei seg om den kjende einebuaren og abbeden, som var femogåtti år gamal då han vart pave. Han var ei enkel sjel, heilt ueigna for oppgåva, og så ulærd og ukunnig i latin at møta med kardinalane (konsistoriet) måtte haldast på italiensk.

Det gjorde eit sterkt og nærast fælsleg inntrykk i samtida at paven gjekk av. Dante, som fylte tretti året etter, har gjeve pave Celestinus plass to stader i sin Guddomlege komedie, begge i Helvetet. Diktaren såg og kjende att skuggen av mannen che fece per viltà il gran rifiuto – «som av reddhug sveik sitt høge kall». Det var feigt, tykte diktaren, som ikkje minst var ulukkeleg over at hans eigen verste fiende, kardinal Benedetto Caetani, vart den neste paven under namnet Bonifacius 8.

Granska samvitet

Måndag 11. februar heldt pave Benedikt 16. konsistorium i Det apostoliske palass i Vatikanet. Dei skulle drøfta tre helgen­kåringar. Paven hadde sjølv skrive talen sin på latin – han er ein av dei siste i verda som ikkje eingong treng manuskript for å tala Ciceros og Augustins tungemål. No hadde han granska samvitet sitt om att og om att coram Deo – for Guds åsyn – og han hadde vorte heilt viss på at han i sin høge alder ikkje lenger hadde dei kreftene som trongst til å bera Peters­embetet i Kyrkja.

Han var sjølvsagt klår over at dette embetet ikkje berre skulle fyllast agendo et loquendo – i handling og ord – men like mykje patiendo et orando – i liding og bøn. Og likevel, i den raskt omskiftande verda me lever i, og med alle dei tunge og vanskelege spørsmål me møter som truande, krevst det både fysisk og sjeleleg styrke for å forkynna evangeliet og styra Peter si skute. «I dei siste månadane har eg kjent kreftene mine minka i ei slik grad at eg berre må vedgå at eg ikkje lenger kan gjera det eg skulle i den tenesta som er lagd på meg. Difor, heilt medviten om alvoret i ei slik handling, gjer eg i full fridom kunnig at tenesta som biskop av Roma, etterfylgjar av den heilage Peter ... vil eg seia frå meg ... frå den 28. februar 2013 kl. 20.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement