Sideblikk
Når det er taus kunnskap som tel
Maskuline fellesskap er ei mellombels blanding av nedlatande, ubehøvla og hjelpsame.
Mannekraft måtte til etter det store snøfallet i Kragerø i mars 1954.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Det var ein av dei dragande dagane med passe mykje nysnø og nypreparerte spor etter dei velsigna løypekøyrarane som er ute før fanden har fått ski på beina. Mange kjende si gjestingstid, for det var varsla mildvêr og regn og deretter frost og dritføre i pestens tid.
Trikkar, banar og P-plassar var overfylte. I bynære strøk og på markastover med bollar og solbærtoddy var det kø med folk av alle slag og aldrar. Mange var openbert ikkje fødde med ski på beina og stavar i hendene. Andre hadde funne fram gamle ski og utvaska anorakkar som ikkje hadde vore i bruk på mange år.
Det var vakkert.
DER FAVORITTLØYPA mi startar, er det verken kollektiv transport eller parkeringsplass. Me som soknar dit, parkerer pent og pynteleg og disiplinert bak siste bil langs den smale vegen og må av og til gå ein kilometer fram til start.
Etter ein strålande familietur var det eit bal å få laus og snudd bilen. Eg hamna med hjula i stikkrenna under brøytekanten og sat bom fast.
Vertinna meiner det er typisk for overmodige og uvørdne menn. Eg skulle heller ha sleppt til mi unge dotter, som driv øvingskøyring. Ho ville ha vore meir forsiktig, og om ho hadde hamna i ulykka, ville det ha strøyma til med handlekraftige menn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.