Når burgarkjeder flytter inn i verna bymiljøEin klassisk bygard med McDonald’s? Ja, takk, seier folk. Nei takk, seier mange antikvarar.

Ein klassisk bygard med McDonald’s? Ja, takk, seier folk. Nei takk, seier mange antikvarar.

Det finst alt burgarkjeder som er etablerte i gamle bygg i norske bysentrum. Frå venstre til høgre: McDonald’s i Bergen, i Kristiansand og i Arendal.
Det finst alt burgarkjeder som er etablerte i gamle bygg i norske bysentrum. Frå venstre til høgre: McDonald’s i Bergen, i Kristiansand og i Arendal.
Publisert

Sidan 2015 har McDonald’s lukta på mogelege tomter i Elverum. Hamburgarkjeda finst alt i Hamar, og som kjent kikar norske kommunar gjerne på grannekommunen når dei vil tenkje vokster og utvikling.

McDonald’s har alt lufta interesse for eit næringsområde utanfor bykjernen, på Grindalsmoen. Men kommunen er tydeleg på at dei ikkje vil ha restaurant og småhandel utanfor bykjernen. McDonald’s interesserer seg no for ei tomt i sentrum, i Leiret, rett ved den historiske Lundegaard, ein verneverdig bygning frå 1880.

Men ikkje alle er samde i at det er det rette. I ein diskusjon på Facebook-sida til ein Elverum-politikar, heiter det: «Ikke tillat denne hamburgerkjeden å bygge i sentrum. VI trenger åpne lunger som lokker gjennomreisende til å stoppe og ikke en slik kjede som lager trafikale problem.»

Denne diskusjonen går ikkje berre føre seg i Elverum. I Noreg har tradisjonen vore at kjedebutikkar blir plasserte i kjøpesenter utanfor bysentrum, medan sentrum blir reservert meir «reine» verksemder. Antikvarar, kulturfolk og fortidsminnefolk har helst sett at burgarkjedene låg eit stykke utanfor bykjernen.

Men no skjer det endringar i norske bymiljø. Kafé- og restaurantnæringa veks, og unge vil heller vera i bysentrum enn på kjøpesenter. Det har òg burgarkjedene oppdaga. I Harstad finst dei alt på kjøpesenteret i Kanebogen utanfor bykjernen, men dei ynskjer no å etablere seg i Harstad sentrum.

«Historisk ekspansjon»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement