Når bruer brest
Eit særtrekk i konstruksjonen kan vere årsak til brukollapsen ved Tretten, meiner tidlegare sjefingeniør Tormod Dyken.
Tretten bru over Gudbrandsdalslågen kollapsa måndag morgon. EIn lastebil og ein personbil var på brua da ho fall saman, men båe førararene kom uskadde frå det.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Måndag morgon kollapsa den ti år gamle limtrebrua ved Tretten i Øyer. Årsaka er førebels ukjend. Tormod Dyken er pensjonist, tidlegare sjefingeniør i Statens vegvesen, og var i 2017 redaktør for ein oversiktsrapport om trebrubygging i Noreg.
– Det er vanskeleg å skjøne korleis ei så ny bru kan kollapse?
– Eg har ikkje noko fasitsvar, men eg har gjort meg nokre tankar. Eit særtrekk ved Tretten bru er at dette var ein hybrid av stål og tre. Det er sjølvsagt stålelement også i andre trebruer. Men denne brua har skråstavar i tre og vertikalstavar i stål. Å kombinere stål og limtre på denne måten er uvanleg. Tre og stål har ulike eigenskapar og blir påverka ulikt av temperaturendring, fukt og vektbelasting. Dermed kan det oppstå spenningar i konstruksjonen som over tid kan føre til trøyttleiksbrot i eit knutepunkt.
– Da brua kollapsa, var det berre ein lastebil og ein personbil på ho. Ho skulle tolt mykje meir?
– Ja, brua var dimensjonert for mykje større last, og ho har tolt mykje meir i mange år. Men trafikken gjennom ti år kan ha svekt nokre knutepunkt så mykje at det skulle lite til. Bileta viser at brua har roke på fleire stader, det tyder på at fleire knutar har vore svekte. Kanskje har ikkje denne konstruksjonen vore tilstrekkeleg utprøvd og gjennomtenkt.
– Brua var langt svakare i røynda enn prosjekteringa tilsa at ho skulle vere?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.