Sideblikk
Når algoritmane blir grovt krenkte
Meta approprierer digitale og globale kommunikasjonskanalar utan å kjenna landskapet.
Storebror ser deg, men å få han i tale er ikkje lett.
Foto: Dado Rucic / Reuters / NTB
Eg har fått gult kort frå Facebook, ein del av Zuckerbergs Meta. For hatefulle ytringar og støytande innhald. For å ha brote standardane om hatprat og mobbing. Synda var fanga opp av algoritmar og vurdert av «vårt team». Innlegget blei gjort utilgjengeleg for alle som hadde sett det, likt det, delt det, kommentert, polemisert eller på andre måtar vore i kontakt med dei fordervelege orda.
DEN ANSIKTSLAUSE boka var forsonleg, det skal ho ha: «Vi forstår at alle kan gjøre feil iblant, så vi har ikke begrenset din konto. Men den kan bli ilagt begrensninger eller fjernet hvis du bryter standarden igjen.» Det var høve til å vera usamd og be om ny vurdering, så eg merkte av for at eg meinte dei hadde misforstått intensjon og kontekst.
Eg kan ikkje gje att alle robotsvara ordrett, for dei blei borte etter klagen. Men det var mykje om at på grunn av covid-19 hadde dei liten kapasitet, så dei kunne ikkje gjera ei ny vurdering, og «Since we can’t review your comment again, we can’t change our decision.»
Eg fekk råd om ein annan opsjon: «Du kan muligens få en uavhengig gjennomgang av denne avgjørelsen hvis du anker til Tilsynsrådet. Tilsynsrådet er ikke en del av Facebook. Rådet går gjennom et lite antall vanskelige avgjørelser for å bidra til å fastsette hva som er og ikke er tillatt på Facebook i fremtiden. Du har frist til 21. november.» Det er vel i det Tilsynsrådet Helle Gucci Thorning-Schmith sit, så eg trur eg står over prosessen.
KVA VAR DET SOM måtte fjernast som hatprat?
Ein vyrdeleg kjenning skreiv eit sakleg drøftande blogginnlegg og ville diskutera kulturell appropriasjon etter at temaet hadde eksplodert i SoMe, Debatten og Dagsnytt 18 rundt halloween. Han illustrerte det med eit sjølvtatt bilde av ein melaninrik kar i gapta på urfolksfestivalen Riddu Riddu i opprørsbygda Manndalen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.