Namneskodde for spesielt interesserte

Donald Trump held seg framleis seg til strategien han finpussa gjennom førti år som eigedomsutviklar. Til no har det halde han på rett side av fengselsporten.

Gordon Sondland, som ikkje er økonomisk avhengig av å halda fram som diplomat, sa med reine ord at kravet om motyting vart stilt. Han la til at Trump, utanriksminister Mike Pompeo, stabssjefen hos Trump og fleire andre visste om det og stod bak det.
Gordon Sondland, som ikkje er økonomisk avhengig av å halda fram som diplomat, sa med reine ord at kravet om motyting vart stilt. Han la til at Trump, utanriksminister Mike Pompeo, stabssjefen hos Trump og fleire andre visste om det og stod bak det.
Publisert

Det er alt anna enn greie dagar og seinkveldar for dei som ynskjer å skaffa seg eit slags oversyn over opptakten til riksrettsprosessen mot den amerikanske presidenten. Men så langt held Donald Trump seg til den hovudstrategien han har finpussa gjennom førti år som eigedomsutviklar: Når han vert skulda for noko som kan vera klanderverdig eller lovstridig, har han to mottrekk i ermet: 1) han blånektar, og 2) deretter skuldar han den som har retta åtaket mot han, for den same synda, berre i litt verre, beiskare og meir krydra utgåve.

Som frynsegode kjem det som kunne kallast Oksvik-varianten på norsk: «Veike argument, kraftigare røyst», skreiv odelstingspresident Olav Oksvik ein gong i margen i eit manuskript for eit debattinnlegg han hadde førebudd.

Vakkert er det ikkje, men det har halde Trump på den rette sida av fengselsporten, og det meste har vore såre godt for bankutskriftene og for advokatane hans. I tillegg til at desse sakene er innvikla, sjølv for rutinerte juristar, er det lett å gå seg vill i ein skog av namn som ikkje er altfor velkjende for amerikanarar.

I Trump-leiren

Dei republikanarane som lojalt forsvarar han, har ein annan strategi. Men også her snakkar vi om eit opplegg i to steg: 1) Dei seier at Trump ikkje har gjort noko gale, og 2) dersom han likevel har det, er det ikkje så alvorleg at det er rimeleg å stilla han for riksrett, for ikkje å snakka om å kasta han ut av Det kvite huset.

Dit er det enno langt, for det er Senatet som skal setja Trump på dør. For ei slik løysing må det vera to tredjedels fleirtal, altså 67 av dei 100 senatorane. Og republikanarane har fleirtal i Senatet, slik at 20 av dei må skifta side og røysta mot presidenten når riksrettsspørsmålet skal avgjerast. Det er eit utfall som sit svært langt inne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement