Namneord som frigjer eller feller

Ein skal mistru konsernsjefar og politikarar som medvite blandar retorikk og røyndom.

Konsernsjef i NSB Geir Isaksen (t.h.) og styreleiar Dag Mejdell presenterte nytt felles namn for NSB og Nettbuss, Vy, tysdag denne veka.
Konsernsjef i NSB Geir Isaksen (t.h.) og styreleiar Dag Mejdell presenterte nytt felles namn for NSB og Nettbuss, Vy, tysdag denne veka.
Publisert Sist oppdatert

Geir Isaksen er ein interessant figur i norsk samfunns- og næringsliv: styreleiar og styremedlem både her og der (til dømes i selskap med fiffige namn som Mantena, CargoNet og Yara) og toppsjef i NSB frå 2011. Rett nok har den blåblå regjeringa delt og kastrert den norske statsbanen slik at dei snart ikkje har anna enn uniforma att å mista, men Isaksen er likevel ein mann med vyar – eller som han sjølv seier: «Vi har en vy for fremtiden.» Det er som eit svensk postkort med eit narrativ som satsar på steinar for brød og buss for grønmåla tog.

Isaksen er genetisk senterpartist, som Eivind Reiten (Hydro) og Ole Erik Almlid (NHO). Faren, Finn T. Isaksen, var sivilagronom, direktør i Selskapet for Norges Vel, direktør i Norges kjøtt- og fleskesentral og landbruksminister for Senterpartiet i Willochs andre regjering (1983–85). Sonen er også fjøsrøktar og landbruksøkonom frå Ås. Han var direktør i Gartnerhallen og Bondelagets mann i Brussel før han blei administrerande direktør i Cermaq i 1996.

Soga om Cermaq og transformasjonen frå statleg verksemd begynte då Stortinget i 1995 oppheva kornmonopolet frå 1920. Marknadsdelen blei skild ut som eige føretak med namnet Statkorn Holding AS, medan forvaltningsdelen merkeleg nok levde vidare som Statens kornforretning til han blei innlemma i Statens landbruksforvaltning.

Statkorn Holding AS dreiv kornmøller, men slo seg på produksjon av fiskefôr, skifta tyngde til havbruk og blei store på fiskeoppdrett. I 2001 blei landbruksdelen skild ut som Unikorn og møllene selde til private interesser – med bøndenes «Felleskjøpet Øst Vest» som største eigar. Havbruksdelen endra namn til Cermaq Group AS og er nå eit heileigd dotteselskap av den japanske bilprodusenten Mitsubishi, som er verdas nest største lakseoppdrettar med anlegg i Noreg, Chile og Canada.

Både gamle og nye ord og namn kan brukast til forføring og tilsløring. Det er ein profesjon i rask vekst, og han erobrar stadig nye felt av samfunnslivet – også den politiske arenaen. Politikk er i stor grad ein språkleg kamp om eigedomsretten til kva som er konfliktar og interesser. Dersom mange nok trur på slagorda og nyorda og identifiserer seg med dei, blir røyndomen slik for dei, og dei går til val i det flytande landskap mellom ord og røyndom.

Ein skal mistru politikarar som seier det er jo berre ord og retorikk; la oss heller snakka om sakene. Dette er ikkje ordkløyveri, for «det er i språket det tek til», som nynorskhovdingen Ottar Grepstad sa i avskilstalen sin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement