Kvar morgon denne påska er eg blitt vekt i sekstida av ei svarttrast som pikkar på kjøkenglaset i hytta.
Han – for det er nok ein hanne – ser seg sjølv i glaset idet sola står opp. Men denne morgonfuglen blir så visst ikkje forelska i sitt eige spegelbilete, slik som Narkissos. Han trur det er ein rival han ser, så blæs han seg opp, rivalen gjer det same, og begge kastar seg fram, barkar saman bryst mot bryst og hakkar laus på kvarandre. Så slår dei retrett og stiller seg på hagebordet for å samle krefter til neste åtak.
Slik held trasta mi på i eit kvarters tid med stadig nye utfall mot fienden. Så finn han ut at det får vere nok for denne gongen, og flaksar vekk. Det same ser han at rivalen gjer. Eg trur han reknar det som ein ærefull remis.
Neste morgon er det same leiken igjen. Ei rekkje hissige åtak mot glasruta, så seier han seg nøgd og dreg av stad til andre gjeremål. Han har sikkert nok å stå i med no som dei byggjer reir og gjer klart til årets ungekull.
Ein morgon prøvde eg å få fuglen til å forstå at innsatsen var fåfengd. Eg gjekk bort og drog til side gardina for å vise at han kjempa mot eit atterskin. Han stakk straks han såg meg. Nøgd gjekk eg til sengs att og meinte eg hadde gjort han ei teneste: Rett nok hadde fuglen tapt ein illusjon, men til gjengjeld kunne han konsentrere seg om reirbygginga, til glede for familien.
To minutt etter høyrde eg han gå laus på glaset igjen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.