Nabolanda sperrar inne fleire unge
Både Danmark og Sverige sperrar inne fleire unge lovbrytarar enn Noreg gjer. Spørsmålet er om det verkar.
Danmark er det landet i Norden der flest unge lovbrytarar hamnar bak lås og slå. Deretter følgjer Sverige.
llustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix
Lytt til artikkelen
Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) har stadfesta at Noreg framover kan kome til å måtte fengsle fleire mindreårige. Bakgrunnen er eit aukande tal unge gjengangarkriminelle og at dagens reaksjonsform overfor ungdom, ungdomsstraff, ikkje fungerer for alle. Ungdomsstraffa vart innført i 2014, nettopp for å redusere bruken av fengsel for ungdom mellom 15 og 18 år.
I Danmark og Sverige er det òg gjort endringar i reaksjonsformene for unge lovbrytarar for å redusere bruken av fengsel. Likevel har begge landa langt fleire unge kriminelle bak lås og slå enn Noreg har.
– Danmark er heilt klart det landet i Norden der flest unge vert fridomsrøva, deretter kjem Sverige. Noreg og Finland har ein heilt annan politikk, seier Ann-Karina Eske Henriksen.
Ho er lektor ved Institutt for Socialrådgivning ved Københavns Professionshøjskole i Danmark og bidragsytar i artikkelsamlinga «Kontrollerade unga», om innlåsing av barn. Artikkelsamlinga har bidrag frå forskarar i alle dei nordiske landa.
– Siste utveg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.