JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nabolanda sperrar inne fleire unge

Både Danmark og Sverige sperrar inne fleire unge lovbrytarar enn Noreg gjer. Spørsmålet er om det verkar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Danmark er det landet i Norden der flest unge lovbrytarar hamnar bak lås og slå. Deretter følgjer Sverige.

llustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix

9628
20190531
9628
20190531

Ungdoms­kriminalitet

eva@dagogtid.no

Lytt til artikkelen

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) har stadfesta at Noreg framover kan kome til å måtte fengsle fleire mindreårige. Bakgrunnen er eit aukande tal unge gjengangarkriminelle og at dagens reaksjonsform overfor ungdom, ungdomsstraff, ikkje fungerer for alle. Ungdomsstraffa vart innført i 2014, nettopp for å redusere bruken av fengsel for ungdom mellom 15 og 18 år.

I Danmark og Sverige er det òg gjort endringar i reaksjonsformene for unge lovbrytarar for å redusere bruken av fengsel. Likevel har begge landa langt fleire unge kriminelle bak lås og slå enn Noreg har.

– Danmark er heilt klart det landet i Norden der flest unge vert fridomsrøva, deretter kjem Sverige. Noreg og Finland har ein heilt annan politikk, seier Ann-Karina Eske Henriksen.

Ho er lektor ved Institutt for Socialrådgivning ved Københavns Professionshøjskole i Danmark og bidragsytar i artikkelsamlinga «Kontrollerade unga», om innlåsing av barn. Artikkelsamlinga har bidrag frå forskarar i alle dei nordiske landa.

– Siste utveg

Medan det i Noreg er Kriminalomsorga som gjennomfører all fengselsstraff for unge, med tette skott mot barnevernet, er det i Danmark og Sverige barnevernet som driv dei fleste institusjonane brukte til soning, varetektsfengsling og gjennomføring av sanksjonar mot ungdom.

I desse institusjonane kan òg ungdom med åtferdsvanskar og utan dom vere plasserte saman med ungdomar som er dømde eller sit i varetekt for lovbrot.

Sverige har sidan 1999 hatt høve til å plassere lovbrytarar mellom 15 og 17 år i det som vert kalla sluten ungdomsvård, som er lukka ungdomsanstaltar, som alternativ til fengselsstraff i opp til fire år. Sluten ungdomsvård skal ifølgje lova vere fyrstevalet ved dommar som i utgangspunktet ville gje fengselsstraff. Føremålet med ordninga er at barn i hovudsak ikkje skal plasserast i fengsel, men at dei skal få hjelp for å auke sjansen for eit liv utan kriminalitet. I 2003 vart 113 barn og ungdomar mellom 15 og 20 år dømde til sluten ungdomsvård, ifølgje den svenske Kriminalvården.

I 2017 sat rundt 1100 barn og unge på slike lukka ungdomsanstaltar, og 73 av desse var dømde for lovbrot. Det seier assisterande lektor ved institusjonen for sosialt arbeid ved Linnéuniversitetet i Sverige, Sofia Enell, som er medredaktør for «Kontrollerade unga».

– Innlåsing skal vere siste utveg, men vi brukar denne forma langt meir enn venta. Det var aldri meininga at så mange som i dag skulle dømmast til sluten ungdomsvård, seier ho.

Danmark hadde per 2017 åtte lukka institusjonar med totalt 126 plassar for ungdom mellom 15 og 18 år. Rundt 500 ungdomar årleg er plasserte her, som alternativ til fengsel, ifølgje Henriksen.

– Dei er ikkje som opne fengselsseksjonar. Ungdomar på sikra institusjon kan ikkje forlate institusjonen for å gå på skule eller vitje familie. Dei er der 24 timar i døgnet i mange månader om gongen. På mange måtar liknar desse institusjonane på eit ungdomsfengsel, slik det ville sett ut dersom vi hadde det i Danmark, seier ho.

Andre typar straff

I Sverige finst det ikkje eigne ungdomsfengsel, slik Noreg har både i Bergen og på Romerike, med totalt åtte plassar. Likevel er det «ei handfull barn» mellom 15 og 18 år som sit fengsla utan vilkår, og desse er ifølgje Enell i eigne ungdomsavdelingar og -plassar i vanlege fengsel.

I Danmark finst det to eigne avdelingar for barn, ei opa og ei lukka, der det i snitt dagleg er sju personar som sonar eller er i varetekt, ifølgje Henriksen.

Både Danmark og Sverige har òg ei form for samfunnsstraff for ungdom, med element av soning i fridom, slik som den norske ungdomsstraffa. Den svenske ungdomstenesta vert derimot ikkje brukt som straffereaksjon ved så alvorlege lovbrot som ungdomsstraff i Noreg vert.

Ungdomsstraffa er eit alternativ til fengsel utan vilkår eller dei strengaste samfunnsstraffene, og kan ifølgje påtaleleiaren i Oslo politidistrikt tildømast ungdom som står bak grovt ran, grov kroppsskade, drapsforsøk, seksuelle overgrep, grovt trugsmål eller knivstikking. Ungdomsstraffa kan vere på mellom seks månader og tre år.

Ungdomstenesta i Sverige skal berre erstatte høgare bøter og kortare fridomsrøving og innebere mellom 20 og 150 timar uløna arbeid. Det går fram av den offentlege utgreiinga som utgjorde førearbeidet då Stortinget i 2012 vedtok å innføre ungdomsstraff som alternativ i Noreg.

Den danske varianten, ungdomssanktion, er på si side ei meir omfattande og kontrollert reaksjonsform enn den norske ungdomsstraffa, og inneber ei toårig sosialpedagogisk behandling som inkluderer mellom to og tolv månaders opphald i ein sikra ungdomsinstitusjon.

Både Danmark og Sverige kan i sum dermed sjå ut til å ha meir inngripande straffereaksjonar for ungdom enn Noreg har.

– Problematisk

Sofia Enell seier det høge talet ungdom som vert sperra inne i Danmark og Sverige, er problematisk. Ho meiner likevel det er vanskeleg å rangere systema i dei ulike landa.

– Systema er for ulike, så det kjem an på korleis ein ser det. I Sverige er vi meir innretta mot behandling av unge kriminelle, men samstundes er dei innelåste på ubestemt tid, og det kan vere ganske ubarmhjertig. Vi ser òg at det ikkje går så bra for dei som vert låste inn, utan at det vert attspegla i den politiske debatten, seier ho, og legg til:

– I Noreg vert det satsa skikkeleg på innhaldet i ungdomsfengsla. Problemet kjem den dagen innsette ungdomar fyller 18 år og vert flytta frå eit opplegg med omfattande støtte til vanleg fengsel med heilt andre føresetnader. Det er jo ikkje så store ting som hender på 18-årsdagen.

Tilbakefallsstatistikken for soning på lukka ungdomsinstansar er heller ikkje overtydande. I Sverige, ti år etter at fengselsstraff vart erstatta med sluten ungdomsvård for dei fleste lovbrytarar mellom 15 og 17 år, kunne Brottsförebyggande rådet melde om ein tilbakefallsprosent til nye lovbrot på heile 75 prosent, ifølgje nyhendemagasinet Fokus.

Ann-Karina Eske Henriksen seier det i Danmark er gjort målingar som syner at 67 prosent av ungdomslovbrytarane som har vore på sikra avdeling, har fått ny dom to år etter.

Ingun Fornes er postdoktor ved Det juridiske fakultetet ved Universitet i Bergen og har skrive doktoravhandling om straff av barn. Ho ser òg betringspotensial ved det norske systemet.

– Vi har generelt få som vert dømde til fengsel, og lågt generelt straffenivå. Det trur eg er bra. Færre barn vert idømde tap av fridom. Utfordringa er å vite om dei då får den reaksjonen dei treng. Det veit vi ikkje så mykje om, seier ho.

Vil stogge vegen inn

Kriminalitetsstatistikken i dei tre landa gjer det heller ikkje lett å rangere det norske systemet mot det danske og det svenske. I Danmark fall kriminaliteten blant dei mellom 15 og 17 år med heile 42 prosent frå 2006 til 2017, men tala inkluderer ein liten vekst att frå 2016. I Sverige har ungdomskriminaliteten òg i hovudsak gått opp sidan 2016, til liks med i Noreg.

I Danmark er det òg eit problem med gjengangarkriminalitet. Ein liten kjerne på over 700 unge på mellom 10 og 17 år står for meir og meir alvorleg kriminalitet. Dette er bakgrunnen for ei ny reform mot ungdomskriminalitet som vart innført frå januar i år.

Reforma inneber tidlegare inngrep og raskare og meir merkbare konsekvensar for unge lovbrytarar heilt ned til tiårsalderen. Det uttalte føremålet med reforma er at «Fødekæden (næringskjeda, journ. merk.) til den hårde kerne skal stoppes», det vil seie at målet er å få stogga rekrutteringa.

Mot meir straff

Bodil Philip er tidlegare fengselsinspektør ved Statsfængslet i Ringe i Danmark, der ungdomane som sonar i lukka fengsel, har eiga avdeling, og ho er kjend som ein pioner i arbeidet med å få unge kriminelle tilbake i samfunnet. I dag er ho nestleiar i den retts- og kriminalpolitiske tenketanken Forsete, som har gjeve innspel til reforma. Ho seier tenketanken er kritisk til delar av reforma, særleg tiltak som òg er retta mot ungdom under 15 år.

Mellom anna skal det opprettast ei ungdomskriminalitetsnemnd som skal gjere vedtak i saker der barn og unge ned til 10 år er mistenkte for eller står bak såkalla personfarleg kriminalitet, som vald og seksualbrotsverk. Philip er uroa for rettstryggleiken. Barn under 15 år er ikkje dømde, så avgjerdene kjem til å byggje på mistanke. Ho er òg redd raskare handsaming av sakene kjem til å tyde mindre grundig sakshandsaming, og er skeptisk til at dei lukka institusjonane skal få ta i bruk meir kameraovervaking, døralarmar og høve til å kroppsvisitere barn og unge.

– Eg synest det er ei generell retning av meir straff enn før, òg der vi tidlegare såg meir freistnad på resosialisering. No tek ein skarpare middel i bruk mot dei unge. Det klare inntrykket er at dette handlar om omsynet til offera og rettskjensla, ikkje så mykje om kva effekten av reaksjonane er, seier Philip.

Henriksen meiner òg det fyrst og fremst er politikk, ikkje forsking eller erfaringar, som ligg bak innføring av straksreaksjonar for barn heilt ned til 10 år.

– Her er det fyrst og fremst snakk om rettspolitiske innstrammingar, meir vekt på straff og mindre vekt på resosialisering. Etter det eg kjenner til, er det ikkje gjort studiar som underbyggjer desse tiltaka. Derimot finst det studiar som syner at dess tidlegare ungdom kjem i kontakt med rettssystemet, dess større er risikoen for at kontakten varar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Innlåsing skal vere siste utveg, men vi brukar denne forma langt meir enn venta.

Sofia Enell, lektor ved Linné­universitetet i Sverige

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sørkoreanske Han Kang.

Sørkoreanske Han Kang.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Kultur

Den sørkoreanske forfattaren Han Kang er vinnar av Nobelprisen i litteratur. Les intervjuet Dag og Tid gjorde med ho i 2017.

Ronny Spaans

Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.

Meldingar
Sjur Haga Bringeland

Nordisk tone

Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.

Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.

Foto: Marcel Leliënhof

TeaterMeldingar
KristinAalen

Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Kvinner i Det republikanske partiet i USA koser seg kring kortbordet.

Foto: Nina Leen

Frå bridgeverdaKunnskap

Nevrosexisme

«Er det ikkje noko grunnleggjande problematisk ved å ha ein eigen dame­klasse i ein sport som ikkje dreier seg om fysiske eigenskapar, men om logisk tenking?»

Erlend Skjetne

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis