Sideblikk

¿ Nå er det by og land, parti mot parti

Kommunevalet sette bom for dei breie styringspartia som vil femna breitt og ha alle med.

Partiet til distriktspsykopat og ordførar Alfred Bjørlo på Nordfjordeid fekk 36,1 prosent av røystene i nye Stad kommune.
Partiet til distriktspsykopat og ordførar Alfred Bjørlo på Nordfjordeid fekk 36,1 prosent av røystene i nye Stad kommune.
Publisert

Lytt til artikkelen:

VALVINNARANE har sjeldan noko interessant å melda. Dei har nok med å jubla og skryta av alle som har stått på, og innsatsen i valkampen blir ofte forveksla med tidsånd, valvind og politiske klimaendringar.

Det er meir forvitneleg å følgja taparane i jakta på noko å gle seg over. Erna Solberg fann trøyst i positive enkeltresultat som braut med tapet i storbyane og det svakaste valet på 40 år. Jon Georg Dale trøysta seg med at Framstegspartiet gjekk minst tilbake på borgarleg side. Siv Jensen var kontrollert nøgd med at dei hadde løfta seg litt etter den varsla bomkatastrofen, og ho truga med at eit tydelegare og tøffare Frp skal gå den lange vegen og utgjera ein forskjell mot skattar, avgifter og offentlege inngrep.

Ein sjølvkritisk Jonas Gahr Støre meinte at det historisk dårlege valet gjekk relativt bra fordi det kunne gått endå verre. Han trøysta seg med at «vår side i politikken» gjorde at Arbeidarpartiet tapte seg til ordførarar i fleire storbyar. Dei satsa på skulemat, men klarte ikkje å fanga frustrasjonen og stemninga i folket. For Kamerat Støre var det ekstra sårt å tapa i nord, for han kan sin Rolf Jacobsen: «Det er langt, dette landet. Det meste er nord.»

BYRÅSJEFEN gler seg over veljarvandringane, for i by og bygd er det parti med tru på ein tung offentleg sektor som har gått fram. Det gir forvaltninga mange oppgåver og trygge arbeidsvilkår. Rett nok har Senterpartiet vore tøffe i kjeften mot sentralisering og fjernstyre, men det tar ikkje Byråsjefen så tungt, for ordførarar frå det partiet er praktiske og pragmatiske folk som veit å tilpassa seg situasjonen. Dessutan har ikkje lokalpolitikarane så stort slingringsmonn når det kjem til stykket. Nokre små sprell kan dei gjera, men handlingsrommet er gjerda inn av lovar og reglar, føringar og pålegg, tilsyn og revisjon frå sentralt hald. Forvaltninga har både pisk og gulrot til rådvelde.

Dei såkalla frie midlane er langt på veg bundne opp i lovpålagde oppgåver og standardar med kommunane som utførande organ. Likevel meiner Byråsjefen at meir av kommunemilliardane burde øyremerkast, og skattar og avgifter vera standardiserte, slik at nasjonale prioriteringar får endå større gjennomslag. Då ville innbyggarane i heile landet vera sikra dei same goda og byrdene uansett kva kommune dei bur i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement