Mykje rør om framtidaTrur du at alle desse økonomane som uttaler seg i media, veit meir om framtida enn du gjer? I så fall må du tru om att.
Trur du at alle desse økonomane som uttaler seg i media, veit meir om framtida enn du gjer? I så fall må du tru om att.
I 2009 fortalde Steinar Juel i Nordea at forbruksfesten i Noreg var over, sidan har det personlege forbruket gått rett opp.
Foto: Knut Falch / NTB scanpix
Høyrer du til dei som lyttar til finansekspertar, aksjeanalytikarar og sjeføkonomar? Då er du truleg langt fattigare enn nordmenn flest. Då Svein Gjedrem gjekk av etter mange år som finansråd og sentralbanksjef, sa han: «Gjennom 40 år som økonombyråkrat har eg lært meg at vi er nesten komplett uvitande om alt viktig som kjem til å skje i framtida.» Men dei fleste økonomar som uttaler seg i media, har ikkje lært det same.
Lat oss gå heilt attende til 1999. Då lytta underskrivne til Trygve Hegnar. Han sa til VG: «Har man sjansen til å binde renten på rundt 6 prosent, bør man ikke nøle med å gjøre det. Det er historisk lavt for fastrente.» Kona og eg batt renta på 6,4 prosent. Tre år etter byrja renta å gå ned og ned. I 2003 var ho komen ned i 5,53 prosent, året etter var ho på 3,82 og året etter det att på 3,63. Vi kjøpte oss ut av heile greia og betalte over 100.000 kroner for det. Etter det slutta vi å lytta til spådomar om økonomi.
Bind renta!
Ein analytikar som media nyttar særs mykje, er sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1. Han er ein ivrig spåmann. I 2005 var renta nokså låg, og ein kunne få fastrentelån på rundt 5 prosent. Andreassen tilrådde å velja så lang fastrenteavtale som råd var. I berre to år sidan 2005 har bustadrenta vore over 5 prosent. Øystein Dørum, som då var sjeføkonom i DNB og no er det same i NHO, gav Andreassen full støtte: «Jeg har bommet på mine anbefalinger før, men kan ikke la være å varsle når situasjonen i rentemarkedet er som nå. De mangeårige fastrentene er de laveste på 50 år», sa Dørum til Dagens Næringsliv. Dei som følgde råda til desse to, tapte store pengar, medan bankane tente tilsvarande godt.
Andreassen er elles kjend som han som spår at bustadprisane skal ned. Det har han halde på med i mange år. 1. februar 2015 vart han igjen oppringd av Finansavisen og spurd om kva som skulle skje med bustadprisane. Han spådde at dei skulle ned med 40 prosent, ein spådom han hadde kome med i åra før og kom med i åra etter òg: «Jeg hadde en liste over ting som kunne få boligprisene til å falle, nå peker alt på listen ned.» Men denne gongen var faktisk journalisten litt kritisk og peika på at Andreassen hadde teke feil før om bustadprisane. «Kanskje ingen tror på meg lenger. Men jeg står ved mine argumenter. Jeg kaster ikke inn håndkleet nå.»
Tok feil
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.