JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Musk, makt og medium

Etter at Elon Musk tok over Twitter, har plattforma gått gjennom fleire turbulente og kontroversielle endringar. No er namn, logo og visjon i endring.

Ein arbeidar demonterer Twitters skilt ved hovudkvarter som følge av namnendringa til X, i sentrum av San Francisco i California 24. juli 2023.

Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12320
20230818

Bakgrunn

27. oktober i fjor kjøpte Elon Musk Twitter for 44 milliardar dollar.

18. desember same året heldt Musk ei avstemming på Twitter om han burde gå av som Twitter-sjef eller ikkje. 57,5 prosent stemte for, og 12. mai i år vart Linda Yaccarino utpeikt til ny sjef i Twitter, medan Musk held fram som eigar og teknisk sjef.

23. juli byrja ei omskaping av Twitter, som vart døypt om til X, med mål om å lage ein alt-mogleg-app.

Media

magnus@dagogtid.no

«Kva skal Elon Musk med noko så banalt som ei 16 år gammal mikrobloggteneste på internett?» I november i fjor vart dette spørsmålet stilt i Dag og Tid då Elon Musk kjøpte Twitter. Ifølge Musk handla det om å sikre eit felles digitalt landsbytorg, «der ein kan diskutere eit vidt utval synspunkt på ein sunn måte».

Det er noko tragikomisk med ønsket om ein sunn debatt sett i lys av storståheien rundt ein mogleg slåstkamp på Colosseum mellom Musk og Meta-leiar Mark Zuckerberg. Slåstkampen blir kanskje ikkje noko av, men oppstyret rundt kampen seier noko om sosiale medium. Kan hende dei liknar meir på moderne Colosseum, der folk får vere vitne til ordstrid og underhaldning, enn demokratiske forum for meiningsfylte debattar?

Både Musk og Zuckerberg personifiserer ei relativt ny form for sosial makt. At rike einskildmenneske kan omskape sosiale nettverk med fleire hundre millionar brukarar etter eigen smak og rettferdssans, har endringane i Twitter (som no heiter X) stadfesta tydeleg.

Twitter under Musk

Eit av måla til Musk då han tok over Twitter, var å kutte kostnadar. Ei viktig årsak til det var at selskapet då ikkje hadde gått i pluss sidan 2019. I løpet av ein dag i november sparka Musk 3700 tilsette, nesten halvparten av alle tilsette. Det førte til eit søksmål ettersom dei ikkje fekk åtvaring på førehand, i strid med arbeidslover. Mange av dei som sat i leiarstillingar, vart også sparka eller sa opp. I eit intervju med BBC i april i år sa Musk at dei hadde gått frå rett under 8000 tilsette før han tok over, til om lag 1500 no.

Ei anna endring gjekk ut på å byte verifiseringssystemet til Twitter. I staden for at kjente personar og organisasjonar automatisk får eit verifiseringsmerke, vil Musk no at folk skal betale for ein slags premiumversjon for å få verifiseringsmerke og andre fordelar. Det har vore ein del forvirring knytt til endringa, ettersom mange som ikkje har betalt for abonnementet, likevel har fått halde på merket sitt.

Ei utfordring som oppstod tidleg i Musk-perioden, var at fleire store selskap mellombels stoppa reklamekampanjane sine på Twitter. Ettersom mange var redde for at Musk ville gjere Twitter til eit hatprathelvete, ønskte ikkje selskapa å støtte Twitter gjennom reklameinntekter før dei var sikre på at Twitter ville ha det dei meinte var ei ansvarleg tilnærming til innhaldsregulering. Det er snakk om ein reduksjon i reklameinntekter på opptil 50 prosent. Det er framleis ikkje klart kor mange av selskapa som har vendt tilbake til Twitter.

Perioden under Musk har vore kjenneteikna av mykje prøving og feiling. Dei kraftige kutta i arbeidskrafta til selskapet har skapt tekniske og politiske problem, spesielt knytt til innhaldsregulering. 18. desember i fjor publiserte Musk ei folkeavstemming på Twitter der ein kunne stemme for eller imot om Musk burde gå av som sjef i Twitter. Meir enn 17 millionar stemte, og 57,5 prosent stemte for.

I mai i år utpeikte han Linda Yaccarino til ny sjef. Ho var tidlegare leiar for reklamesal i NBCUniversal, eit multinasjonalt medieselskap. Håpet til Musk er nok at ho vil kunne styrke reklameinntektene til selskapet.

Elon Musk, administrerande direktør i SpaceX og Tesla og eigar av Twitter, her på Viva Technology-konferansen for innovasjon og gründerverksemd i Paris 16. juni 2023.

Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters / NTB

Twitter-filene

Ein av grunnane til at Musk ville ta over Twitter, var det han meinte var urettvis politisk sensur på plattforma. Då han tok over selskapet, gav han ei rekke interne dokument over til journalistar. Desse dokumenta har blitt kjende som «The Twitter Files» og var ifølge Musk teikn på at Twitter dreiv med sensur av folk på høgresida på vegner av statsmakta i USA.

Ifølge journalistane med tilgang til filene viser dei mellom anna at Twitter sensurerte ei sak frå New York Post om PC-en til Hunter Biden (president Bidens son), at Twitter avgrensa kor synlege ytringane til høgreorienterte folk var, og at Twitter var for lydhøyre overfor FBI i spørsmål om innhaldsregulering.

Avsløringane har blitt møtte med ulike tolkingar. Nokre meiner dei støttar påstandane om at Twitter er venstrevridd og villig til å sensurere politiske ytringar. Andre har peikt på at sjølv om delar av innhaldsreguleringa til Twitter er urovekkande, utgjer ikkje filene ein «rykande pistol». Sensuren av New York Post-saka ser ikkje ut til å ha vore partipolitisk motivert, men eit resultat av ein politikk Twitter har hatt om å ikkje publisere innhald som har blitt hacka, og frykta for at PC-saka kunne vere del av ein påverknadskampanje frå utanlandsk etterretning.

Påstandane om at Twitter skal ha sensurert direkte på ordre frå eller på vegner av staten, ser ikkje ut til å stemme, men det kjem fram at FBI og Twitter var i tett dialog. Som følge av Twitter-filene publiserte FBI følgande:

«Korrespondansen mellom FBI og Twitter syner ikkje anna enn døme på vårt tradisjonelle, langvarige og pågåande engasjement med føderale styresmakter og privat sektor, som involverer mange selskap i fleire sektorar og bransjar. Som korrespondansen syner, gir FBI kritisk informasjon til privat sektor for å hjelpe dei med å verne seg sjølv og kundane sine.»

Gitt FBIs historie er det ikkje berre høgresida som har grunn til å verte uroa for forholdet mellom FBI og Twitter. Musk og journalistane han gav dokumenta til, har blitt kritiserte for å offentleggjere berre eit utval av dokumenta. Tidlegare Twitter-sjef Jack Dorsey har oppmoda Musk om å offentleggjere alle dei interne dokumenta, utan filter, slik at folk kan tolke dei sjølv.

Ny makt

Twitter-filene viser klart makta leiarane av sosiale medium har til å regulere politisk meiningsutveksling. I Future Politics, ei bok om politikk og teknologi frå 2018, fangar Jamie Susskind godt den nye situasjonen sosiale medium har skapt:

«Me er vitne til framveksten av ein ny historisk politisk balanse: Me har fått nye former og høve til ytring [via online-plattformer], men til gjengjeld må me akseptere at desse ytringane vil bli underlagde reglar laga av dei som kontrollerer plattformene. Det er som om agoraen til atenarane vart privatiserte av ein atensk oligark med makt til å bestemme debattreglane, kven som får snakke og kor lenge, og kva ein ikkje har lov til å snakke om.»

Samstundes er det viktig å understreke at denne makta også gir eigarar av store plattformer eit ubehageleg ansvar. For mindre plattformer som i all hovudsak appellerer til ei politisk gruppe, slik som Trump-appen Truth Social, er innhaldsregulering noko dei stort sett kan bruke til eigen fordel.

Store nettverk, derimot, som Twitter og Facebook, er nøydde til å ikkje misbruke reguleringsmakta si på ein sånn måte at dei mister brukarar frå den eine eller andre politiske gruppa. Ein kan ikkje gjere alle til lags, men store plattformer er ofte nøydde til å prøve.

Nye reglar

Då Musk tok over Twitter, hadde han eit mål om å styrke ytringsfridommen på plattforma. Grep han har tatt i den retning, er å svekke reglane som skal hindre hatprat, å avvikle eit tillits- og tryggingsråd som gav råd til Twitter, og å oppheve utestenginga av fleire kontoar. Musk har også avvikla den tidlegare Twitter-politikken som stogga spreiinga av misvisande informasjon om covid-19. Ifølge ein studie skal hatprat ha auka monaleg sidan Musk tok over, noko Musk er usamd i.

Twitter har oppheva utestenginga av mellom andre Trump, den kristne og satiriske nyhendesida The Babylon Bee og psykologen Jordan B. Peterson. Medan konservative stemmer har fått kome tilbake til Twitter, stengde Musk mellombels ute nokre journalistar og stemmer på venstresida. Ifølge Bloomberg skal Musk personleg ha insistert på utestenginga til Chad Loder, ein antifasistisk aktivist.

Tvisten med journalistane dreidde seg om lenker dei publiserte til ein konto som offentleggjer kor privatflyet til Musk heile tida er. Då Musk vart kraftig kritisert frå fleire hald for utestengingane, valde han å lage ei spørjeundersøking der folk skulle svare på om utestenginga av kontoane burde opphevast med ein gong eller om ei veke. Nesten 60 prosent stemte for oppheving med det same. Ei slik tilnærming til ytringsfridommen er ikkje tillitvekkande.

Det mest slåande med Musks handtering av ytringsfridommen på Twitter var kan hende då han i februar i år klaga til ingeniørane sine i Twitter over at ytringane hans ikkje vart sette av nok folk. Ifølge teknologisida Plattformer sa ein av ingeniørane at det kunne komme av fallande interesse for Musk, noko som gjorde at Muska sparka denne ingeniøren.

Seinare i februar vart Musk frustrert over at Joe Bidens tvitring under Super Bowl fekk meir merksemd enn hans eiga tvitring. Då fekk ingeniørane i Twitter i oppgåve å lage eit unntak i algoritmen til plattforma som gjer at tvitringa til Musk får meir merksemd enn andre. Det fekk dei til. Musk er, som Dag og Tid gjorde greie for i november i fjor, ein person med stor sans for eigen ytringsfridom.

X

Fram til no har eg skrive om Twitter, men Twitter finst ikkje lenger. Sidan slutten av juli har plattforma heitt X. Endringa kjem ikkje ut av det blå. Alt i 2017 kjøpte Musk nettadressa x.com, og i oktober 2022 tvitra Musk at det å kjøpe Twitter ville akselerere skapinga av X – «alt-mogleg appen».

I juni same året sa Musk til Twitter-tilsette at plattforma burde likne på kinesiske WeChat, ein app der ein kan gjere alt frå å sende meldingar og ringe folk til å spele og betale med mobilen. Ifølge The Verge sa Musk at «i Kina lever dei på WeChat. Om me klarar å få det til med Twitter, vil me vere ein stor suksess».

Ifølge den nye X-sjefen, Linda Yaccarino, vil X vere «ein global marknad for idear, varer, tenester og moglegheiter. Driven av KI, vil X kople oss saman på måtar me no knapt kan førestille oss».

To journalistar i Wired meiner planane er urealistiske: «For å skape ein superapp må X bygge ein heilt ny finansteknologisk infrastruktur, få reguleringsstyresmaktene på si side gjennom klar og nøye etterfølging av reglane og vinne tilliten til brukarar og annonsørar som har forlate Twitter sidan Musk tok over.»

Dei peiker på at betalingsselskap er nøydde til å følge strenge og ufråvikelege reguleringar i mange land, og at det å følge alle krava krev store ressursar, noko X førebels ikkje har eit overskot av. Likevel skal ein vere varsam med å undervurdere kva Musk kan få til, sjølv om ein likar verken mannen eller metodane.

Eventyrtorg

Musk er langt ifrå åleine om å hevde at eit ope «digitalt landsbytorg» er viktig for verdas framtid. Mark Zuckerberg har også samanlikna Facebook med eit digitalt landsbytorg. Dei fleste vil nok intuitivt støtte opp under ideen om at det er viktig med ein felles møtestad på nettet der folk, anten dei er politiske vener, rivalar eller fiendar, kan diskutere viktige saker.

Men å lage ein slik møtestad er ikkje den store utfordringa. Utfordringa ligg i å utvikle eit rammeverk og ein politisk debattkultur som gjer folk i stand til å diskutere politikk på konstruktive måtar. Kor mange er det som les gjennom kommentarfeltet på innlegget til ein eller annan politikar, tar eit djupt andedrag og tenker: «Kor frisk lufta er her på det digitale landsbytorget»?

Sosiale medium fungerer ypparleg til å spreie informasjon og politiske bodskapar, men det er eit anna spørsmål om dei er spesielt eigna til diskusjon og refleksjon. Folk som er skeptiske til sosiale medium generelt, rettar ikkje lenger kritikken mot personane som styrer dei, men mot sjølve forretningsmodellen.

Ettersom sosiale medium vert finansierte av at annonsørar betalar for å kunne vise reklame basert på informasjon som er samla om kvar brukar, er det i plattformene si interesse å styrke engasjementet til brukarane, uavhengig av kvaliteten på innhaldet.

Eit sunt vern om ytringsfridommen er ein føresetnad for eit digitalt landsbytorg, men det er ingen garanti for at torget er ein god stad å utveksle meiningar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis