Motvind frå alle kantar
Når året er over, vil politikarar ha avgjort bruken av to av tre kroner på fastlandet. Vi skulle nytta om lag 250 milliardar oljekroner. No er planen 500 milliardar eller mykje meir.
OLJELAND: Koronakrisa gjer at Noreg må bruke enormt mykje meir oljepengar enn før. Biletet er frå det nye Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Revidert statsbudsjett plar vera keisame saker, der det står slikt som at salet av diesel har gått ned med 4,2 prosent, men heldigvis har salet av motorsyklar gått opp med 12 prosent, så samla får ikkje staten nokon inntektsnedgang. Dette tyder ikkje at revidert statsbudsjett er uviktig, det er faktisk særs viktig. Om ikkje Stortinget får høve til å granska utviklinga av pengebruken, verkar ikkje demokratiet som det er tenkt. Stortinget må til kvar tid vedtaka pengebruken her til lands.
Og skal Stortinget kunne vedtaka pengebruken, må regjeringa vite kor mykje pengar vi har, og komme med framlegg om kvar vi skal nytta desse pengane, og kor mykje kvar enkelt sektor bør få. Men av og til vert det normale demokratiet suspendert. Det hender helst i ein krigssituasjon. Då plar regjeringar verda over å kasta korta og berre pøsa på med pengar. Så kjem parlamenta i ettertid og seier at det heile er greitt. Det er der Noreg er no. Ingen veit, og ingen kjem til å vita på fleire år korleis koronakrisa slår ut. Som regjeringa heilt ope skriv: «Det understrekes at det er uvanlig stor usikkerhet om tallene.»
Dobla oljepengebruk
Planen var å nytta om lag 250 milliardar kroner frå Oljefondet. Pengar frå Oljefondet vert rekna som underskotsfinansiering. Den definisjonen er litt underleg, sidan vi har desse pengane i Oljefondet og dessutan har drive med underskot på basis av olje heilt sidan 1970. Rett nok greidde Gro i 1987 å driva nesten utan oljen, og det same fekk Kristin Halvorsen nesten til i 2007, då vi nytta berre 1,3 milliardar frå Oljefondet over Statsbudsjettet. I år trur Finansdepartementet at vi skal nytta om lag 500 milliardar. Eller for å vera heilt presis: «Svekkelsen i den oljekorrigerte budsjettbalansen på 239 mrd. kroner kan i sin helhet tilskrives virusutbruddet. (…) Det er utsatt eller foreslått utsatt skatteinnbetalinger tilsvarende 133 mrd. kroner, og midlertidige endringer i petroleumsskatten tilsvarende rundt 30 mrd. kroner bokført. Dessuten er det etablert nye garanti- og låneordninger med samlede rammer på 130 mrd. kroner.»
Men dette er altså «tenk på eit tal». Ingen bør vera forundra om vi har nytta 700 milliardar i staden for 500 milliardar når året er omme. Pengebruken kjem heilt an på kva slags aksept veljarane har for nye utbrot av covid-19 og kva line regjeringa legg seg på. Seinast førre veke vart to barneskuleklassar i Bærum sende heim att av di ein lærar hadde fått påvist koronasmitte. I eit slikt klima vert full arbeidsdeltaking vanskeleg. Men éin ting er det å nytta mykje pengar no, noko anna er framtida. Regjeringa seier at dei trur at den langvarige budsjettsvekkinga vert på 11 milliardar i året av di vi et så mykje av Oljefondet i år og neste år.
Mykje verre
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.