JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Mot ein ny asylpolitikk i EU

Strengare og meir effektiv grensekontroll og raskare retur av migrantar som ikkje får asyl. Det kan verte følgjene av EUs nye asyl- og migrasjonsregelverk, som snart er klart.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei siste månadene har det kome fleire titals tusen migrantar til den italienske øya Lampedusa. Så langt i år har over 200.000  flykt­ningar og migrantar kome til Europa via Middelhavet eller landområda rundt.

Foto: Yara Nardi / Reuters / Scanpix

7416
20231020

EUs nye asyl- og migrasjonspakt

Er ein regelverkspakke for reform av asyl- og migrasjonspolitikken i EU, lagd fram av EU-kommisjonen i 2020.

Erstattar Dublin-forordninga, som i praksis braut delvis saman under den store migrantstraumen til Europa i 2015.

Er sett saman av fem ulike lovverk som alle no er vedtekne av EU-medlemslanda i EUs ministerråd.

Skal forhandlast vidare med parlamentet, og planen er at heile asylpakta skal vere endeleg vedteken i løpet av våren 2024, før val på nytt EU-parlament og ny EU-kommisjon i juni.

Migrasjon

eva@dagogtid.no

Tidlegare denne månaden vart eit fleirtal av EU-landa i EUs ministerråd samde om ein krisemekanisme som skal kunne utløysast om det igjen kjem unormalt stor tilstrøyming av flyktningar og migrantar til EU-medlemsland, slik som i 2015 og 2016, eller dersom flyktningar og migrantar skulle verte brukte i politisk spel, slik som då Belarus sende migrantar mot Polen hausten 2021.

Krisemekanismen er den siste komponenten i EUs nye asyl- og migrasjonsregelverk, som har vore under utarbeiding i fleire år. Asylreforma tvinga seg fram etter 2016, då den såkalla Dublin-forordninga – som plasserer ansvaret for å handsame ein asylsøknad til det EU-landet asylsøkjaren fyrst kjem til – delvis braut saman.

Framleis står det att å forhandle med EU-parlamentet om både krisemekanismen og andre reformkomponentar, men det er venta at heile asylreforma no kan verte endeleg vedteken i løpet av våren 2024.

Strengare og raskare

Krisemekanismen inneber at enkeltland ved ein krisesituasjon raskt skal kunne krevje hjelp frå andre. I tillegg skal dei kunne få unntak frå nokre av reglane og prosedyrane for asyl og returar som òg kjem til å følgje av det nye asyl- og migrasjonsregelverket.

Frå før har EU-landa nemleg vedteke å innføre strengare og meir effektiv kontroll, med utvida registrering og såkalla screening, ved EUs yttergrenser: Det inneber at alle som kjem til EU utan innreiseløyve, skal registrerast med identitet, fingeravtrykk og bilete og få gjennomført helse- og tryggingssjekk. Screeninga skal gjennomførast i løpet av dei fem fyrste dagane etter at dei har kome, og opplysningane vert samla i EU-databasen Eurodac, der asylsøknader kan sjekkast opp mot tidlegare registrerte asylsøknader.

I tillegg er EU-landa samde om felles asylprosedyrar og raskare retur av migrantar som ikkje har håp om asyl. Det er lagt opp til to ulike prosedyrar: vanleg asylprosedyre for somme og ein forenkla versjon på eller ved grensa for andre, altså utan høve til å reise inn i EU.

Grenseprosedyren skal ifølgje EUs ministerråd gjelde asylsøkjarar frå land med låg innvilgingsprosent, dei som søkjer asyl på grensa etter å ha vorte gripne i å krysse grensa ulovleg eller etter å ha vorte sette i land etter søk- og redningsaksjonar, og asylsøkjarar som vert vurderte til å vere ein fare for nasjonal tryggleik eller offentleg orden. Desse skal få søknadene ferdigbehandla i løpet av 12 veker. Ved avslag skal dei verte returnerte frå EU før det har gått eit halvt år, ifølgje det føreslegne lovverket.

Den mest banebrytande nyvinninga i asyl- og migrasjonsregelverket er derimot den bindande solidaritetsmekanismen eit fleirtal av EU-landa vart samde om i sommar. Solidaritetsmekanismen inneber at alle landa, inkludert dei som ikkje tidlegare har klart å avlaste andre nemneverdig med asylhandteringa, framover skal vere plikta til å bidra dersom eitt eller fleire andre land opplever stort migrasjonspress. Landa skal i hovudsak bidra ved å overta ansvaret for asylsøkjarar gjennom såkalla relokalisering, men dei kan òg bidra økonomisk eller med utstyr og personell til EU-landet som treng avlasting.

Ifølgje ministerrådet skal EU-landa samla ha kapasitet til å kunne relokalisere minst 30.000 asylsøkjarar årleg, og minstesummen å betale for landa som i staden vil bidra økonomisk, er på 20.000 euro per asylsøknad, altså rundt 230.000 norske kroner. Med andre ord: Det skal koste å ikkje ville ta imot asylsøkjarar for å avlaste eit anna EU-land under press.

Dublin i ny versjon

Det har vore eit mål at det nye asyl- og migrasjonsregelverket skal balansere betre mellom ansvaret til EU-grenseland som Spania, Italia og Hellas – som har vore mottaksland for flesteparten av asylsøkjarane til EU, med unntak av ukrainarar – og ansvaret til landa lenger nord.

Men det nye regelverket legg framleis mykje ansvar på yttergrensestatane og går heller ikkje vekk frå prinsippet om at ansvaret for asylsøknaden ligg hjå EU-landet asylsøkjaren fyrst kjem til. Talet på asylsøkjarar som andre land er plikta til å kunne relokalisere eller betale for årleg, ligg dessutan eit godt stykke under det stadig stigande talet flyktningar og migrantar som tek seg over Middelhavet til Europa.

Berre til no i år har nær 230.000 personar kome til Europa ved å krysse Middelhavet eller landegrensene rundt, ifølgje den internasjonale organisasjonen for migrasjon, IOM.

Ifølgje Alberto Horst Neidhardt, som er analytikar ved tankesmia European Policy Centre, kjem ikkje dei nye asyl- og migrasjonsreglane til å betre på ansvarsfordelinga mellom landa.

– I staden kjem dei til å leggje større press på medlemslanda ved EUs yttergrense for å registrere og behandle asylsøkjarar, samstundes som dei har avgrensa garantiar for at den utarbeidde solidaritetsmekanismen kjem til å fungere i praksis, skriv han i ein analyse.

Nokre steg fram

Forskar Pernille Rieker ved Norsk utanrikspolitisk institutt kallar det historisk at EU-landa har bestemt seg for ein bindande solidaritetsmekanisme.

– Det legg press på alle landa i EU om å bidra, anten ved å ta imot minst 30.000 asylsøkjarar per år eller ved å betale seg ut av det – ein slags kompensasjon til EU for kvar flyktning dei ikkje tek imot, seier ho.

Guri Tyldum, som er forskar ved migrasjonsavdelinga hjå forskingsstiftinga Fafo, omtalar reforma som utmeislar seg no, eit fyrste steg på vegen mot ei betre fordeling av ansvar.

– Mykje av utfordringa i dag er manglande koordinering av asylpolitikken mellom landa. Det har ført til eit svarteperspel, der alle prøvar å unngå å verte sitjande med migrantar sjølv, men då gjer mykje som kollektivt sett er lite fornuftig. No er det til dømes rasjonelt for land ved EUs yttergrense å ikkje registrere alle asylsøknader for å redusere arbeidsmengd og kostbare prosessar rundt retur. Men gjer dei det, går det imot fellesskapets interesser om å avklare søknadene så tidleg som mogleg. Det går og føre seg eit race to the bottom når det gjeld behandlinga av asylsøkjarar. Somme prøvar å behandle dei så dårleg som mogleg for at dei ikkje skal velje å søkje vern hjå dei, noko som igjen har store konsekvensar for integreringa. Så at det er lang veg å gå, er det ikkje tvil om, seier ho.

Dei viktigaste komponentane i det nye asyl- og migrasjonsregelverket er likevel dei som handlar om å etablere raskare asylbehandling og meir effektiv returpolitikk for dei som får avslag, meiner Tyldum. Dette er òg komponentane ho trur vert lettast å få gjennom EU-parlamentet.

– Dei trur eg kjem til å føre til at det på sikt kjem færre til Europa for å søkje asyl, for ein stor del av dei som kjem i dag, frå sør, er dei som vil ha jobb, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis