Folk i omgangskrinsen min trur eg lever eit aktivt og hendingsrikt liv. Det er ikkje rett. Eg bruker det meste av tida på å arbeide og sove. Til og med fritidssyslane mine er stort sett gjentakingar av same mønster.
Derimot har eg alltid meint å kunne skryte på meg eit rikt indre liv. Eg kan sjå humor og dramatikk i det meste og lever meg intenst inn i både sørgjelege og oppbyggjelege historier.
Ikkje minst har det rike indre livet mitt fått spelerom nattetid, i draumeland. Så lenge eg kan hugse, har eg delteke i surrealistiske draumespel om natta og vore helt eller skurk eller begge delar samtidig i intense drama, og så vakna gjennomsveitt og med hamrande hjarte, men forløyst.
Men i det siste har denne nattlege underhaldninga blitt forunderleg flyktig.
Eg vaknar om morgonen og veit at eg har drøymt. Kunsten er å bli liggjande urørleg, halde godt fast på den vesle fliken ein hugsar av draumen, og prøve varsamt – utan å presse seg sjølv, for då glepp det – å nøste opp mest mogleg av draumen. Ofte kjem ein ikkje forbi det enkle tablået ein vakna med på netthinna, andre gonger kan ein sakte hente opp bit for bit og setje alle desse minnebrikkene saman til ei nokolunde logisk historie.
No for tida vaknar eg stadig med eit minne om at eg køyrer bil. Og bildraumar skal ein ta på alvor, sa ein venn til meg ein gong, for dei seier noko viktig om livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.