Monstertrailerane kjem
For vanlege bilistar er monstertrailerar skremmande, men dei er meir lønsame og svekkjer ikkje trafikktryggleiken, hevdar ein ny rapport frå Transportøkonomisk Institutt.
Om du har køyrt bil dei siste fem åra på hovudvegar på Austlandet, i Trøndelag, i Nordland, i Troms, i Finnmark eller på Sørlandet, kan det henda du har lege bakom ein slik monstertrailer og ottast for korleis du skal køyra forbi ein slik koloss utan å setja liv og helse i fare. Kva er det som går føre seg her? Norske vegar er då ikkje dimensjonerte for slike gigantiske køyretøy?
Men jau då, det er dei, i alle fall nokre av vegane, viser det seg. Monstertrailerar, eller modulvogntog, har nemleg køyrt på norske vegar i fem år no som eit prøveprosjekt, og det har gått betre enn venta. Transportøkonomisk Institutt (TØI) har no evaluert prøveordninga på oppdrag frå Statens vegvesen, og konklusjonen er eintydig: Modulvogntog løner seg. Betre for miljøet enn vanlege trailerar er dei òg.
Kvifor løner slike monstertrailerar seg? Og korleis kan dei vera bra for miljøet?
Pengar
Eit modulvogntog er eit vogntog som kan vera opptil 25,25 meter langt. Dei har to vogner, og dei kan vega so mykje som 60 tonn. I fem år har slike modulvogntog vore tillatne på 23 hovudvegstrekningar og sokalla tilknytingsstrekningar i 90 kommunar i Noreg.
Ifylgje undersøkjinga til TØI kan verksemder spara mykje pengar på å nytta slike modulvogntog, fyrst og fremst av di dei kan frakta meir gods med berre éin sjåfør. Dinest kjem lægre kostnader til drivstoff, attåt reduserte kostnader til køyretøyet i seg sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.