Monsteret som forsvann
Heilt sidan finanskrisa har verda runne over av pengar. Likevel vaknar ikkje inflasjonen til live.
Hyperinflasjonen i Tyskland tidleg i 1920-åra er eit skrekkdøme på kor gale det kan gå om prisstiginga spinn ut av kontroll. Her leikar barn med verdilause setlar i 1923.
Foto: Universal History Archive/ UIG / RE / NTB
Ingenting er som før, ser det ut til. Finanskrisa i 2008 og koronakrisa i fjor har gjeve oss ei verd som er dynka i likviditet. Styringsrentene ligg og vaker kring nullpunktet, og for å halde økonomien i gang har sentralbankane det siste året pumpa ut enda meir pengar enn dei gjorde under finanskrisa. Alt burde liggje til rette for ein galopperande prisvekst. Likevel har inflasjonen uteblitt i dei rike landa, og han har ikkje gjort noko særleg av seg på fire tiår. Dette er underleg, og det går på barnelærdomen laus.
Onkel Skrue
For mange ivrige Donald Duck-lesarar i seksti- og syttiåra var teiknaren Carl Barks den første læraren i samfunnsøkonomi. I den klassiske historia «Pengeregn» reiv ei skypumpe taket av pengebingen til onkel Skrue og spreidde formuen hans ut over Andeby. Alle vart millionærar og slutta å arbeide – unnateke onkel Skrue, som byrja å drive gard. Da dei nybakte millionærane vart svoltne, selde han dei egg for ein million kroner stykket, og snart fekk han heile formuen attende. Slik lærte Barks mange småungar om tilbod og etterspurnad – og han viste oss kva inflasjon var.
Skrekkdømet
I den verkelege verda har dette fenomenet hatt dystrare følgjer. «Det er ingen sikrare måte å øydeleggje fundamentet for eit samfunn på enn å forringe valutaen», skreiv økonomen John Maynard Keynes i 1919, med tilvising til den russiske revolusjonsleiaren Lenin. (Lenin meinte at inflasjon var ein framifrå måte å undergrave kapitalismen på.)
Den tyske hyperinflasjonen tidleg i 1920-åra, da folk trong trillebårlass med setlar berre for å handle seg middag, er sjølve krondømet på farane ved ekstrem prisstiging. Inflasjonen i Tyskland – og mottiltaka som dreiv arbeidsløysa i vêret – destabiliserte samfunnet og skapte grobotn for nasjonalsosialismen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.