Krig

Mobilisering i Ukraina: gøymeleiken

No er det offisielt 200.000 ukrainske menn i vernepliktig alder berre i Tyskland.

Ukrainske soldatar på sjølvstendeplassen i Kyiv ber kista til endå ein fallen våpenbror. Serhii Yarmolenko blei drepen i kamp mot russiske styrkar i Donetsk-regionen.
Ukrainske soldatar på sjølvstendeplassen i Kyiv ber kista til endå ein fallen våpenbror. Serhii Yarmolenko blei drepen i kamp mot russiske styrkar i Donetsk-regionen.
Publisert Sist oppdatert

Ein bil som høyrde til eit kontor for militær registrering og innrullering, nærma seg nyleg ei gruppe unge menn som stod og venta på bussen i Lviv. Dei militære hoppa ut av køyretøyet, greip tak i en av mennene og byrja dra han inn i bilen. Han gjorde motstand. Dei militære gav seg til å slå han, og han datt om på asfalten.

Andre ungdommar og forbipasserande ropte til dei militære og kravde at dei skulle la mannen vere i fred. Til slutt klarte han å rive seg laus, og sprang nedover gata. Dei militære følgde ikkje etter han.

Eg har ein mistanke om at liknande scener utspelar seg i andre byar òg. Eg kjenner til ei hending som fann stad i Odesa for eit par månader sidan. Nokon festa det som skjedde på video. Videoen gjekk viralt i Ukraina og sette i gang sterke diskusjonar om mobiliseringspraksisar.

Slike videoar har skremt mange ukrainarar som ikkje ønsker å dra til fronten. Dei har slutta å syne seg på offentlege plassar og har unngått å reise til andre delar av landet, fordi dei fryktar å bli mobiliserte i samband med dokumentkontroll ved sjekkpunkt.

Litt etter litt innser ukrainarane at mobilisering til militæret kjem til å gå føre seg nett på dette viset i ei nær framtid.

Det har dukka opp eit paradoks: Ukrainske soldatar som slåst ved fronten, blir beundra og erklært som heltar, medan dei tilsette i kontora for registrering og innrullering, som òg er militært personell med ansvar for å mobilisere folket, blir overhøvla, ofte hata og til og med utsette for fysiske åtak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement