MisjonenSamemisjonen fyller 130 år i år, men noko jubelår er det vel ikkje for ein organisasjon som slit med dårleg presse og sviktande inntekter. Dermed er det vel naturleg å spørje om han eigentleg har nokon misjon i 2018?

Publisert

Samemisjonen fyller 130 år i år, men noko jubelår er det vel ikkje for ein organisasjon som slit med dårleg presse og sviktande inntekter. Dermed er det vel naturleg å spørje om han eigentleg har nokon misjon i 2018?

I bedehusa på Vestlandet er nok svaret framleis ja, kva skulle dei elles bruka husa til og halda basar for? Men sørlandskrinsen av samemisjonen ligg for tida brakk, og det seier vel sitt.

Etter mange negative oppslag om motstanden i organisasjonen mot kvinneprestar, homo­liberalitet og dilikt i vinter etter ei avlyst påskegudsteneste i Áisaroaivi kapell i Kvalsund, lèt stemninga til å vera laber i dei samiske kjerneområda òg, i Sápmi, i det minste hjå dei som bloggar på norsk. «Fuck samemisjonen!»

Difor er det ikkje til å undrast på at Samemisjonen dei siste åra har vendt seg mot aust, til Russland, der det framleis finst ein viss misjonsmarknad, i det minste mellom urfolk som den russiske ortodokse kyrkja ikkje når i.

Samemisjonen blei til i opposisjon mot statleg fornorskingspolitikk andsynes samane, og har sidan 1888 spreidd samiske bibelord i skrift og tale mellom samar i nord og sør. Samemisjonen har rett nok òg hatt som mål å gjera samane meir norske, men snarvegen til eit meir borgarleg norskdom skulle vera å forkynna på «hjartespråket» til samane.

No ser det mørkt ut for 130-åringen, i alle fall for radiosendingane: FM-sendarar blir fasa ut, medan moderne DAB-sendarar ikkje når fram til målgruppa ute på vinterbeita.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement