Minusrenter til evig tid
Sentralbankane har mista rytmen, og verda badar i gjeld.
Boka The Money Machine. How the City Works av briten Philip Coggan er den internasjonalt mest selde boka om moderne finansmarknader og renter. Boka har kome i ei rekkje utgåver sidan ho fyrst vart utgjeven i 1986, mi utgåve er frå 2009. Der skriv Coggan: «Det som synest heilt klårt, er at den stadig større kompleksiteten i det moderne finanssystemet fører til at rentene går opp og ned mykje oftare enn før.» Det er ikkje sant lenger.
Sundag den 15. september 2008 om kvelden sat underskrivne på eit hotellrom i Reykjavik og såg på formel 1 på BBC Two. Sidan tusenårsskiftet hadde børsen på Island gått opp med over 1000 prosent, og dei islandske bankane hadde utlån på ti gonger den islandske verdiskapinga. Alt saman var garantert for av den islandske nasjonalbanken, som i praksis hadde null valutareservar. Dette kunne ikkje gå bra, meinte eg og mange med meg, Difor hadde eg intervjuavtalar med ei rekkje bankdirektørar og meklarar. Brått avbraut BBC sendinga. Den amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers var konkurs.
Etter nokre minutt byrja det å pipa i telefonen min. Den eine avtalen etter den andre vart avlyst. No galdt det å halda kjeft. Den islandske krona byrja å falla like tungt som regnet ute. Då den islandske regjeringa etter avtale med IMF og EU fekk lov til å innføra kapitalkontroll, hadde ho falle 58 prosent. Dei tre islandske bankane som gjekk under, vart til saman den nest største konkursen i verdssoga, berre Enron var større. 330.000 menneske førte til at tyske og japanske bankar måtte nasjonaliserast. Musa hadde trampa ned jungelen.
Null renter
Men det var ikkje berre den islandske krona som ramla i vekene og månadene etter 15. september. Det gjorde nesten all verdas renter også. Men i motsetning til kva Coggan trudde i 2009, har dei ikkje gått opp, dei står framleis på 0 til 2 prosent. Og realrentene har lege på under 0 prosent i ni år no. Dimed ser heile det teoretiske grunnlaget for moderne pengepolitikk ut til å ha forvitra. «Om vi ikkje kan få inflasjonen opp att, vil vi hamna i eit stort uføre. Vi kan ikkje få politisk stabilitet utan lønsvekst», sa Adam Posen, som er tidlegare styremedlem i Bank of England (BoF) til Financial Times førre veke. Særleg ille er denne tendensen i Storbritannia. Ja, arbeidsløysa fell og fell, men produktivitetsveksten er borte, og realløningane går feil veg. Det klaraste utslaget av den manglande lønsveksten kom nettopp i Storbritannia, som gjennom brexit har gjeve seg ut på eit økonomisk eksperiment utan sidestykke i etterkrigstida. Medan vanlege folk har vorte fattigare, har dei rike vorte rikare i takt med at sentralbankane har tømt gratispengar over børsane og dei store eigedomseigarane, og høgrepopulistar har tilrana seg makt i stadig fleire land.
Kjend kurve
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.