Trygve Refsdal (1937–2024)
Trygve Refsdal var fast skribent i Dag og Tid gjennom fleire år.
Foto: Privat
Etter fire år med diagnosen demens sovna Trygve Refsdal fredfullt inn 29. oktober. Dei som møtte han i full vigør, minnest ein mann i godt humør med mange muntre påfunn. Han tok eksamen i skogbruk ved Noregs landbrukshøgskule på Ås i 1964 og starta sitt yrkesliv som heradsskogmeister.
Men kanskje gav dagane som kommunal funksjonær for lite nytt å ta tak i? Seinare tok livet mange vendingar. Han heldt seg lange periodar i andre land, mest i Afrika. I Etiopia og Tanzania underviste har på universitet og vidaregåande skular. I Etiopia gifte han seg i 1979 med Annelise Thorbjørnsen. Dei fekk to born, Maria og Ivar.
Utviklingshjelp
Trygve Refsdal vart kritisk til mangt av det han såg i det som vart kalla utviklingshjelp. Han kom til at stor pengeinnsats ofte gav små resultat i lokalsamfunna. Teknisk avansert landbruksutstyr kosta mykje og endra lite i tradisjonelle kulturar som ikkje hadde sinn og sans for slikt. Mange kvite kom med god vilje, men nådde ikkje fram til folket.
Trygve fortalde om ein hjelpesmann som oppnådde god kontakt med eit lokalsamfunn og fekk mange med seg, med enkle handreiskapar. Dei laga groper som samla doggfallet til vatn for plantene. Dei planta tre som skjerma jorda mot uttørkande sol. Avlingane vart gode. Dette forstod bøndene seg på. Enkle middel hadde Trygve meir tru på enn dyr og energikrevjande teknikk. Han hadde ein del oppdrag med å evaluere tiltak som det norske Norad og det svenske Sida hadde gjennomført. Mange av dei fekk kritiske attestar, og det enda med at tilboda om slike arbeid tørka inn.
Humorist
Medstudentar på Ås hugsar Trygve Refsdal som ein gløgg kar og ein stor humorist med mange oppkvikkande påfunn. Sjølvstendig og godt i stand til å vurdere mange ting i samanheng, er attesten frå ein av dei. Trygve var redaktør av Tuntreet, studentavisa. I mangel på ytringar frå lesarane skreiv han skarpe innlegg og motsvar, til dess han ein dag opplyste at redaktøren ville avslutte diskusjonen med seg sjølv. Han leverte òg seriøse kronikkar, mellom anna om den kalde krigen, som han meinte like mykje hadde si årsak i vest som i aust. Eit omstridd standpunkt i 1960-åra.
Dette var i ei tid då studentane kunne mykje om skog og skogbruk før immatrikuleringa. Dei som var usikre på om dei slapp inn på høgskulen, fekk tilleggspoeng om dei tok eit år ekstra med øks og sag attmed trea. Dette kunne òg vere arbeid på sagbruk eller med skogtaksering. Fleire hadde fem år i praktisk skogbruk bak seg før dei gjekk laus på teorien.
Nokre år underviste han i skogbruk og økonomi på Voss jordbruksskule. Ein av elevane seier han låg godt over gjennomsnittet som pedagog; det er han dei hugsar best. For mange var han både kamerat og lærar. Då han vart kjend med at nokre elevar ville gå på ski frå Finse til Voss, vart Trygve med på turen over Vossaskavlen.
Naturvern
Trygve var med i naturvernlaget på Voss og i den årelange kampen for å få til varig vern av Vossovassdraget. Det lukkast i 1986. Han heldt fram som aktiv samfunnsdebattant med aktuelle synspunkt på mange felt. Folk såg med respekt på det han hadde å fare med. Det vart mange spalter i landbrukstidsskrift og lokalaviser. Han var medforfattar av to lærebøker, Skogbrukslære og Ny økonomi, for skular med landbruk og naturbruk som fag. I mange år var han fast skribent i Dag og Tid.
Skjervheimseminaret på Stalheim var det siste, store tiltaket som Trygve Refsdal la krefter i. Han og Hermund Slaattelid, lektor på Voss gymnas, tok initiativet og var lenge berande krefter i det årlege arrangementet. Trygve åtvara mot pengebruk som han meinte var meir til skade enn gagn. Han såg lite lys i at teknokratiet vaks.
Første seminaret vart avvikla i 1996, då Hans Skjervheim fylte 70 år. Sidan har det vore gjennomført 27 gonger med tema som «Utopiar og dømekraft» og «Folkeskikk og naboskap». Dei aller fleste innslaga er med ord, og berre det. Laurdag er det eit par timar til å gå tur i det spenstige landskapet, eller å ta det med ro. På Skjervheimseminaret held alt kav seg vekke, men salen er full.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø