JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordSamfunn

Økonomi­journalisten

Jon hadde evne til å gå djupt inn i kompliserte samfunnsøkonomiske spørsmål og gjera dei forståelege for nær sagt folk flest.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3268
20231020
3268
20231020

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Jon Hustad frå Sæbø i Hjørundfjorden døydde den 12. oktober, berre 55 år gammal. Altfor tidlig miste Noreg ein journalist i særklasse. Hans viktigaste arbeidsfelt i seinare år var samfunnsøkonomi. Vi har ikkje hatt – og kanskje kjem vi heller ikkje til å få – ein økonomijournalist av dette formatet.

Jon hadde evne til å gå djupt inn i kompliserte samfunnsøkonomiske spørsmål og gjera dei forståelege for nær sagt folk flest. Han elska fakta, men ikkje kva fakta som helst, berre dei som kunne underbyggja framstillinga hans. Dei mange innlegga hans om samfunnsøkonomi var prega av en solid forståing for økonomifaget, og det utan å ha økonomiutdanning. Han var historikar.

Første gongen eg møtte Jon, var på Universitetet i Oslo. Det var på den tida han arbeidde i Morgenbladet. Han ville intervjua meg om problemstillingar knytte til kraftmarknaden. Det viste seg at han ikkje berre hadde lese det eg og andre nyleg hadde skrive, men han hadde også lese vitskaplege skrifter – og ikkje berre norske – om marginalkostnadsprising og kriterium for utbyggingstempo og om alternativ til vasskraft som atom og gass. Intervjuet varte lenger enn eg hadde planlagt, og eg gjekk frå intervjuet og lurte på kven eg eigentleg hadde møtt, og med nokre idear om kva eg kanskje burde skriva. Det som slo meg den gongen, og ikkje minst seinare, var at han var særs godt førebudd med omsyn til dei sakene han tok opp.

I seinare år var han tilsett i Dag og Tid, der han fekk høve til å skriva to–tre siders artiklar. Det var ein arena som passa for han. Dag og Tid skal ha stor takk for å ha gjeve denne folkeopplysaren ein slik plass å boltra seg på med spørsmål som elles ikkje blir så godt dekte i dags- og vekepresse. Tema han tok opp, var velferdsstatens rammer og utfordringar, budsjettpolitikk, derunder handlingsregelen for bruk av oljepengar, inflasjonsstyring, innvandring og ikkje minst energiprisar, investeringar i energimarknaden og klima- og miljøpolitikk. Artiklane var ofte prega av presentasjon av relevante fakta, men også av ein solid kunnskap om samfunnsøkonomiske samanhengar. Og det var ikkje tannlause skriveri, han kunne også vera ganske provoserande.

Jon sende ofte utkast til artiklar til vener og kjende med spørsmål om kommentarar. Eg var ein av desse, og det hende at eg hadde kritiske kommentarar. Han svarte raskt og kontant, enkelte gonger med gode grunnar til avvising, men også gonger der han tok omsyn til kommentarane og retta opp artikkelen.

Jon hadde openbert stor arbeidskapasitet og var rask til å setja seg inn i nytt stoff i utgreiingar og dokument. Ikkje mange timar etter at stats- og nasjonalbudsjett var publiserte, var han klar med kommentarar og spørsmål til sånne som meg om kva eg meinte om det eine og det andre i desse dokumenta. Grunnen til at han kunne setja seg så raskt inn i omfattande og til dels kompliserte dokument, trur eg, var evna han hadde til å lesa fort og til å vita kva som var vesentleg for dei problemstillingane han sjølv ville drøfta i kommentarane og artiklane sine.

Jon vil bli djupt sakna.

Steinar Strøm

Steinar Strøm er professor emeritus i økonomi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis