JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordSamfunn

Jon Hustad
(1968–2023)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Svein Aam

Foto: Svein Aam

8972
20231020
8972
20231020

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

«Har du jobb til meg?»
Det var Jon som ringde om kvelden andre juledag i 2006.

«Eg har slutta i Klassekampen og vil gjerne byrja i Dag og Tid.»

Budsjettet for 2007 var lagt, men vi klarte å skrapa saman nokre månadsverk som ein start, og ved påsketider fekk Jon fast stilling i avisa. Bladstova vart aldri den same.

Jon er bondeson frå garden Årset i Bondalen i Ørsta kommune. Ein klassisk vestlandsgard med 12 kyr og 20 vinterfora sauer. Han voks opp i en kristen, konservativ fråhaldsfamilie. Familien bad bordbøn før middag, og både far og mor har vore sokneråds­formenn.

På garden budde farmor og farfar i fyrste etasje, Jon og familien i andre. Farfaren vart ein viktig person for Jon. Han hadde vore ti år i Amerika, kunne engelsk og fekk Jon interessert i amerikansk historie. Jon fortalde om farfaren som var på veg til Europa som soldat under første verdskrigen, men eit sandkorn i auga hemma synet, og han kom ikkje med båten. I kompaniet hans omkom nesten alle.

Faren hadde vore i Tysklandsbrigaden og arbeidde gratis på garden hjå foreldra til han overtok i 1970. Pengar til å kjøpa garden tente han som fiskeoppkjøpar i Lofoten om vinteren.

Mora var lærardotter frå Urke ved Hjørundfjorden, ei ferje og fem minutt med bil frå Årset. Ho gjekk på folkehøgskule, tok husmorskulen og las mykje litteratur. Ho vart bondekone, som strikka og sydde kleda til borna, laga all maten og var med i fjøset. I gards­tunet der Jon voks opp, synte det godt at mora var glad i blomar. Ho var aktiv i nærmiljøet og vart leiar i dei fleste kristne foreiningane ho var med i. Mora bur i dag på
Hjørundfjordheimen.

Faren vart kreftsjuk då Jon var ni år gamal og døydde i 1984. Jon måtte såleis tidleg læra seg å arbeida. Han hjelpte mora i fjøset før han tok bussen til gymnaset om morgonen. Jon var ingen praktikar, men den kraftige guten var god å ha i slåtten og til å breia graset utover med høygaffel i siloen. Og han var alltid interessert i god mat og likte å røykja og salta lam.

Jon var ein aktiv fotballspelar for Sæbø IL, meir kraftspelar enn teknikar. Han unnlét ikkje å fortelja at han hadde spela mot ein annan sunnmøring, Jan Åge Fjørtoft. Han vart òg trenar for smågutelaget på Sæbø.

Lesing starta Jon med tidleg, skuleflink som han var, og inspirert av mora. Som heilt ung las han Hamsun og politiske biografiar. Og Det Beste, månadsmagasinet som familien heldt, i tillegg til Møre-Nytt, Sunnmørsposten, Dagen og Israel-bladet Karmel.

Jon gifte seg i 1998 med Ingvild Heier og fekk tre born, Edvard, Kristine og Fredrik. Ingvild og Jon vart skilde, men hadde eit godt venskap heilt til det siste.

Jon med borna Kristine, Fredrik og Edvard.

Jon med borna Kristine, Fredrik og Edvard.

Foto: Privat

Jon var utdanna historikar. Som hovudfagsstudent reiste han til USA og gjennomførte arkiv­studiar ved Eisenhower-biblioteket i Kansas. I yrkeslivet lærte han samfunnsøkonomi, og han fekk etter kvart ei tydeleg rolle som økonomisk journalist og forfattar.

Artiklane hans om økonomiske saker og spørsmål hadde heile tida med politikk å gjera. Han informerte om og kritiserte statsbudsjett, analyserte programma til dei politiske partia med økonomiske briller, og han skreiv i klartekst om kor avgjerande det er over tid at statsfinansane er sterke og berekraftige og pengebruken på stell.

Som skribent såg ein lektoren i han. Lærarkarrieren hans var kort, men han gjekk på eit vis aldri ut av lærarrolla. Han var ikkje ein journalist som laga eit par intervju med motstridande meiningar og dumpa halvfabrikat i fanget på lesaren.

Jon ville skaffa seg overblikk og innsikt i kvart emne sjølv, slik ein god lærar må. Så tok han lesaren med seg gjennom stoffet, myndig og entusiastisk slik berre gode lærarar kan. Og som ein god lærar visste han at fakta best vert formidla gjennom historieforteljing. Jon mislikte pedagogikk djupt og inderleg, men han var ein framifrå pedagog.

Det var lektoren i han som motiverte han til å skriva boka Skolen som forsvann. Eit essay om krisa i den norske skolen. Sjølv hadde han arbeidd som barneskulelærar på Sunnmøre og ved ein ungdomsskule i Oslo.

Utgangspunktet for boka var ein artikkel i Syn og Segn. Temaet var enkelt og greitt: Kvifor er det sa° mykje bra°k i den norske skulen? Og kvifor får elevane læra sa° lite?

Det var eit oppgjer med norsk skulepolitikk dei siste tiåra, som svekte føresetnadene dei svake elevane hadde til å tileigna seg gode basiskunnskapar, samstundes som ein hadde skapt ein dilleskule for dei flinke, med alle mogelege prosjektoppgåver utan mål og meining – alt kombinert med ei undervurdering av kor viktig fridomen og kunnskapane til einskildlæraren er.

Seinast i fjor skreiv han om skulen og svekkinga av lektorrolla. Lektoren med embetseksamen og fagutdanning er redusert til ein pedagog. Rådgjevarar i kommunane har dei siste åra fått over 12 prosent høgre lønsvekst enn lektorar. Jon meinte at det berre er prestane som har opplevd ei større deklassering enn lektorane dei siste 45 åra.

Han irriterte seg i ettertid for at han skreiv «skolen» og ikkje «skulen» som forsvann, men Jon la ikkje språkleg unødvendig prestisje i eigne formuleringar. Noko som er eit sikkert teikn på ein trygg skribent. Jon hadde lagt seg til ein stil og ein retorikk som samsvarte med innhaldet: klassisk, vektig, skolerande, til dels provoserande og tergande, men alltid godt underbygd.

Jon vart tidleg ein lesehest.

Jon vart tidleg ein lesehest.

Foto: Privat

Tysdagskveldane kom det melding frå Jon: «Sendt.» Vekas artikkel var klar til gjennomlesing. Fem minuttar seinare fekk eg ei ny melding: «Lese?» Jon måtte ha rask tilbakemelding, få artikkelen ferdig til trykking og koma seg vidare.

Å redigera Jon Hustad var som å opna ei lita forundringspakke. Temaet var avtalt, men ein visste ikkje korleis han hadde løyst oppgåva. Tilbakemeldingane måtte vera klare og tydelege. Opna ein med å seia at dette var ein god og interessant artikkel, var det stort rom for kritikk og endringar. Jon likte å få motstand, og han hadde respekt for redaktørrolla.

Visst hadde det somme gonger gått fort i svingane, men det var alltid ein klar tanke bak og gjennomtenkt framdrift i teksten hans. Han gjekk aldri på tomgang. Vi kjem til å sakne dei lange og – i dobbel tyding – innskotsrike, men samstundes presise og ujålete setningane Jon skreiv.

Og i Dag og Tid- podkasten tok han alle spørsmål på alvor, også dei enkle, og med sin kraftfulle sunnmørsdialekt leidde han oss gjennom kWh, global økonomi og klima.

Jon var ein sterk, tydeleg og direkte person. Og han hadde humor. Ja, det kunne gå ei kule varmt i redaksjonen, men det må ein kunna leva med. Tekstane han skreiv, hadde noko å seia for han. Då vert ein engasjert. Gode skribentar treng fridom. Dei er meir forfattarar enn journalistar. Og det er dei gode og tydelege pennane som særmerkjer ei avis. Har du fyrst fått tak i slike, må du halda på dei.

Garden heime i Bondalen.

Garden heime i Bondalen.

Foto: Knut Hustad

Jon skreiv om ulike tema utan omsyn til korleis det vart motteke. Når han kom fram til det han meinte var relevante, men lite kjende fakta, formidla han dei utan omsyn til korleis dei vart oppfatta. Fakta var fakta. Metoden nytta han på alle felt, om han skreiv om skulen, innvandring, statsbudsjettet eller det grøne skiftet.

Di meir kjenslevart feltet var, di meir provoserande vart han oppfatta. Slikt vert ikkje godt motteke av alle, særleg for 10–15 år sidan, og det var dei som reagerte med å seia opp avisa. Men Jon gjekk i pluss og vel så det.

Jon ønskte å dela kunnskapen sin. Og han gjorde det med autoritet og morosame formuleringar. Som i ein artikkel om galskapen ved å slå saman sjukehusa i Oslo der det vesle landet Noreg skulle skapa Europas største sjukehus:

«Eg har i mange år fylgt med på den såkalla Oslo-prosessen, samanslåinga av Radiumhospitalet, Ullevål og Rikshospitalet i kombinasjon med nedlegginga av Aker. Eg har familie som er tilsett i systemet, eg har vener i systemet, eg kjenner professorar i systemet, eg har vore pasient i systemet, eg har skrive om systemet, og eg har meint om systemet. Eg er totalt ugild, og berre for å ha sagt det med ein gong: Eg har lært meg å forakta det byråkratar og politikarar har gjort med systemet. Derimot kjenner eg ingen, lat meg taka opp att, ingen, fagfolk i systemet som har ynskt samanslåinga. Det har vore ein skandale frå dag éin.»

Det vert eit stort tomrom etter Jon i Dag og Tid. Han var ein særmerkt og kunnskapsrik journalist som mange sette pris på, langt ut over lesarkrinsen til Dag og Tid. Han skreiv ofte kommentarar i danske Weekend­avisen, han har arbeidd både i Klassekampen, Morgenbladet og TV 2, skrive ei rekkje bøker og vore mykje nytta som føredragshaldar.

Han var uredd og til å stola på, og han tok journalistikken på stort alvor. Gjennom 16 år var han ein viktig medarbeidar for Dag og Tid som i tillegg til å levera gjennomarbeidde artiklar veke etter veke, var ein inspirerande kollega som gav gode og nyttige tilbakemeldingar til oss andre, til beste for avisa.

Vår medkjensle går til borna Edvard, Kristine og Fredrik, Ingvild, mor hans, syskena og slekta elles.

Svein Gjerdåker

på vegner av alle i Dag og Tid

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis