JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordSamfunn

Erling Folkvord (1949–2024)

Erling Folkvord vil ikkje verta hugsa som ideolog, men som aksjonist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erling Folkvord (Rødt) fotografert under ein demonstrasjon mot den israelske okkupasjonen i 2009.

Erling Folkvord (Rødt) fotografert under ein demonstrasjon mot den israelske okkupasjonen i 2009.

Kyrre Lien / NTB

5041
20240308
5041
20240308

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Erling Folkvord kom frå Frol, bygdeområdet aust for den gamle kjøpstaden Levanger ved Trond­heimsfjorden.

Han voks opp saman med to sysken på eit småbruk der jorda var pakta bort, i ein kristen, nynorsk fråhaldsheim. Foreldra var begge utdanna lærarar og aktive i organisasjonslivet. Mora var husmor og med i sanitetsforeininga, faren var skuleinspektør og formann i Inntrøndelag lærarlag.

Erling Folkvord sprang 60-meteren på 8,5 sekund på Frol-stemnet som 13-åring og kom på tredjeplass i sin klasse då Frol IL arrangerte klubbmeisterskap i langrenn same vinteren.

Men han var fyrst og fremst skuleflink. I motsetnad til tredjeplassen på skirennet vann han som gymnasiast den norske uttakinga til den årlege stilkonkurransen i regi av Den internasjonale komité for skuledagen.

Oppgåva var å skriva om sjansane for å koma fram til eit samla Europa. Erling Folkvord meinte det var sannsynleg med ei tilnærming mellom Aust- og Vest-Europa. Premien var eit bokverk og ei sjudagars rundreise i Italia. Stilen fekk tredjeplass i den internasjonale konkurransen.

Har var skrivefør og var tidleg ute med lesarbrev i lokalavisene. Debuten i Trønder-Avisa var eit kritisk innlegg om russefeiringa. Seinare vart han redaktør for avisa til Fredskontoret i Levanger. Debuten i Dag og Tid var i 1969, då han argumenterte for eit forsvar bygd på kampformer utan valdsbruk. Men Dag og Tid var ikkje ei av avisene hans på mange år enno.

«Det var som bystyremedlem i Oslo og stortingsrepresentant for Raudt at Folkvord vart landskjend.»

Erling Folkvord vart med i AKP (m-l) alt frå byrjinga i 1973. Den marxist-leninistiske rørsla gjorde seg gjeldande i det offentlege ordskiftet i 1970-åra, men fekk marginal oppslutnad ved stortingsvala. Frå 1980-åra forlét mange partiet, men ikkje Folkvord. Han heldt fram i AKP, vart nestleiar frå 1990 til 1997 og stortingsrepresentant for RV frå 1993 til l997.

Han meinte framleis at historia hadde ei bestemt retning, at marxistisk teori hadde prova at sosialismen og kommunismen ville sigra til slutt. Som han skreiv til 25-årsjubileet til AKP i 1998: «25 år er kort tid. Vi har så vidt begynt.»

Folkvord innsåg at den revolusjonære rørsla hadde endra seg, men ho er «like norsk og like motstandsdyktig som løvetanna». Han såg ikkje lenger eit kommunistisk land som kunne tena som førebilete. Likevel var han revolusjonær. Han ynskte at revolusjonen skulle skje fredeleg, men sidan borgarskapen ville slå tilbake med valdsmakt, måtte folket vera budd på å forsvara sosialismen med våpenmakt. Det er ei dødsline å tru noko anna, skriv han i boka Rødt! frå 1998.

Men Erling Folkvord vil ikkje verta hugsa som ideolog, men som aksjonist. Det var som bystyremedlem i Oslo og stortingsrepresentant for Raudt at Folkvord vart landskjend. Her gjorde han ein iherdig innsats, idealistisk som han var, men òg kompromisslaus og for konspiratorisk i jakta på korrupsjon i stat og kommune.

Sjølv fekk eg kontakt med Erling Folkvord for ti år sidan. Han var ein av få som framleis følgde tett med på kva som gjekk føre seg i Syria og Nord-Irak, og han reiste stadig til området. I 2013 spurde han om vi var interesserte i ein reportasje frå ein tur han skulle på til Syria.

Eg hadde høyrt frå Kai Gjelseth og Jan Erik Vold, som hadde vore på tur med Folkvord til Nord-Irak, at han var reisevan, kunne improvisera og gav tillit hjå lokalbefolkninga med framferda si. Det vart mange reportasjar til slutt. Den siste stod på trykk no i januar.

Dette var krevjande og farefulle turar, og eg fekk respekt for arbeidet hans. På eit kvinnesenter nokre mil aust for Mosul møter han jesidikvinner som overlevde grufulle IS-massakrar.

Han skreiv frå den kurdiske byen Kobane i Nord-Syria som hadde vorte angripen av IS, som herja og massakrerte innbyggjarane. Hundretusenvis måtte flykta til Tyrkia. Etter at byen, med hjelp frå amerikanske flyåtak, vart kvitt islamistane, reiste mange tilbake trass i at byen var øydelagd. Folkvord kunne likevel melda at berre få og små hjelpeorganisasjonar var til stades i byen.

Folkvord var oppteken av at flyktningane skulle reisa tilbake for å byggja opp att heimane og byane sine. Som han skreiv i 2015: «Eg møtte fleire som sa omtrent det same: Syria har knapt ei framtid om ikkje dei fleste flyktningane vender heim.» Men då måtte dei få hjelp. Folkvord kunne fortelja at rundt 150.000 flyktningar hadde kome tilbake til den falne IS-hovudstaden Raqqa, dei fleste frå flyktningleirar nokre timar frå byen. Men han møtte ingen som kom tilbake frå Europa.

Vi hadde gode diskusjonar om reportasjane. Han kom til å via mykje av dei siste 20 åra av livet sitt til situasjonen til kurdarane og samla inn pengar til fotballbanar i dei kurdiske områda. Reportasjane hans skulle ikkje vera partsinnlegg, men på best mogleg vis skildra situasjonen slik han var.

Vi var usamde om mykje, men Erling Folkvord var eit politisk menneske som det var interessant å diskutera med.

Svein Gjerdåker

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis