JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordSamfunn

Agnes Husbyn (1930­–2023)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Agnes Husbyn då ho vart portrettintervjua i Dag og Tid i 1999.

Foto: Tiril Rem

2778
20230922
2778
20230922

Agnes Husbyn er død, 93 år gammal. Agnes var fødd i Hegra i Nord- Trøndelag i 1930. Faren var skulestyrar på Hofstad skule, og Agnes budde med to systrer og foreldra i sjølve skulestova. Heimen var rik på kultur, med orgel- og fiolinspel, litteratur og song.

Faren tok kulturinteressa med inn i klasserommet. Skuletimane opna med eit songvers, og dagen vart avslutta med alle versa av «Astrid, mi Astrid», «No livnar det i lundar» og andre songar og salmar. Kvar laurdag før helgefri las faren høgt frå Den fjerde nattevakt av Johan Falkberget. Det gjorde han som ein tradisjon for alle elevane då dei gjekk i 7. klasse.

Agnes hugsar at det var heilt stilt i klasserommet under opplesinga. Oppveksten i den trygge heimen var ein solid ballast for Agnes å ta med seg vidare i livet.

Agnes Husbyn tok lærarskulen i Levanger og seinare utdanning i kordireksjon ved Musikkonservatoriet i Oslo. I 1953 fekk ho lærarstilling på Lambertseter i Oslo, den fyrste drabantbyen i Noreg og ein stor kontrast til bygda ho vaks opp i. Ho køyrde scooter til og frå arbeidsplassen. I tillegg til lærargjerninga dreiv ho fleire songkor i Oslo.

Guteklassen Agnes var lærar for frå 1953 til 1960, ville aldri sleppa taket i frøken. Til det siste inviterte dei henne ut på middag på byen og vitja henne med jamne mellomrom. Dagsrevyen laga eit eige innslag då den godt vaksne guteklassen feira 90-årsdagen til frøken Husbyn.

Agnes tok etter kvart farvel med læraryrket og engasjerte seg i Ensliges Landsforbund. Som generalsekretær var bustadpolitikken hjartesaka hennar. Ho hadde friskt i minne at barnefamiliar skulle ha forrang i oppbygginga av landet etter krigen, medan einslege måtte nøye seg med nærast eit kott.

I seinare år var ho oppteken av kor vanskeleg det er å koma seg inn på bustadmarknaden med berre éi inntekt. Ho pressa på gjennom direkte kontakt med politikarar og tallause debattinnlegg. Ho var ei modig stemme.

Agnes kjempa mot stigmatisering av einslege og minte stadig omverda om at å vera einsleg ikkje er det same som å vera einsam. Ho ville ikkje ha ei stakkarsleggjering av dei som levde livet åleine.

Ensliges Landsforbund vart lagt ned i 2020. Det var med tungt hjarte den då 90 år gamle Agnes var vitne til at det ikkje var krefter i organisasjonen som kunne halda fram arbeidet. Sjølv gav ho ikkje opp, men heldt fram med å skriva debattinnlegg og opptre i media. Ho mottok Kongens fortenestmedalje i gull for innsatsen ho la ned.

Agnes hadde ein stor omgangskrins av slekt og vener. Stundene med Agnes i Dynekilgata gav ein eigen fred og nærast høgtid over seg. Kulturen var med henne livet ut, og ei songstund ved pianoet var obligatorisk når eg var hjå henne. Og tekstane frå skulestova i barndommen – dei sat i minnet.

Ingvild Bryn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis