JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Minneord: Kjetil Haanes (1957–2023)

Kjetil Haanes sovna stille inn fredag 16. juni etter lang tids kreftsjukdom. Han vart 66 år gamal og har sett store merke etter seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjetil Haanes var noko for seg sjølv, og han var noko for alle som vart kjende med han, skriv Bente Riise.

Foto: Privat

3033
20230623
3033
20230623

Kjetil var så full av humor, liv og verketrong at det er nesten vanskeleg å fatte at det er blitt stilt. Han gjorde seg til talsmann for dei som trong det, særleg dei mest utsette, og var ikkje typen til å gje opp.

Kjetil gjorde ofte eit sterkt inntrykk, kjapp i kjeften, sjarmerande og klartenkt som han var. Ujålete. Engasjementet femnde vidt, og han vart gjerne tillitsvald og talsmann for sakene og felta han brann for. Han var først lærar, men blei journalist, først i lokalavisa Vestlandsnytt, så i Sunnmørsposten og til sist i Nett.no, som han var med på å starte, og der han var redaktør.

Han vart tillitsvald på alle nivå i norsk presse, frå redaksjonsklubben i Sunnmørsposten, til Orkla Media, hovudtillitsvald i Orkla, nestleiar i Norsk Journalistlag (NJ) og leiar i Norsk Presseforbund. Som fagforeiningsmann pløgde han ny mark. I 2001 fekk han Trym-prisen, NJs heiderspris for innsatsen som konserntillitsvald i Orkla Media, dotterselskapet i Orkla ASA som kjøpte opp rundt 50 lokale og regionale aviser i Sør-Norge, Berlingske Tidende i Danmark og ei rekkje aviser i Polen.

Han stod på for at dei tilsette i Polen skulle få dei same rettane som dei nordiske. Han gjorde ein stor jobb og fekk gjennomslag for at samarbeidsmodellen i norsk arbeidsliv også skulle gjelde i Polen, trass i lokal skepsis på alle nivå. Han fekk bygd opp eit konserntillitsvaldsystem og samarbeidsordningar som vart modell for fleire internasjonale mediekonsern, godt hjelpt av NJ og Utanriksdepartementet.

Han fekk etter kvart internasjonale verv og oppdrag i International Federation of Journalists, International Press Institute, Unesco-kommisjonen og i Amnesty International i Noreg. Omtanken han hadde for alle slags folk, gjorde at han fekk tillit og ressursar til å gjennomføre dei mange store og små prosjekta han sette seg føre. Han samla inn klede og utstyr til offera etter krigen i Jugoslavia, smugla folk ut av krigssoner, organiserte støtte til kvinner som blei utsette for misbruk og trafficking i Baltikum, og fekk bygd opp to barneheimar i Polen (som han følgde opp resten av livet). Alt dette i tillegg til den vanlege jobben.

Utanom alt det faglege brukte han mykje tid på fotball, hestesport, fisking og anna moro. Eg spurde korleis han fekk tid til alt. Han sa at han trong ikkje så mykje søvn, tre–fire timar var nok. Døgnet hans hadde rett og slett fleire timar. Sjølv om han var svært sjuk, jobba han til det siste. Han budde heile livet i vesle Gjerdsvika, i Sande kommune på Sunnmøre, der han kom frå. Han deltok sjølvsagt i lokalsamfunnet der også. Han var gift og hadde to søner.

Kjetil var noko for seg sjølv, og han var noko for alle som vart kjende med han, og som vart ein av svært mange gode vener. Eit av dei mest levande menneska eg har møtt, har gått ut av tida, men han fekk levd meir enn dei fleste.

Kvil i fred.

Bente Riise

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis