Sideblikk

Ministeren og internasjonalistane

Anglifiseringa i forsking og høgare utdanning kan føra til eit nasjonalt samanbrot.

Vertinna trur at Sp-nestleiar og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kan laga veg i vellinga som skitviktige universitetsleiarar rører rundt i.
Vertinna trur at Sp-nestleiar og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kan laga veg i vellinga som skitviktige universitetsleiarar rører rundt i.
Publisert

Førre veke la Byråsjefen ut om kva slag statsrådar som er best – slik Forvaltninga ser det. Vertinna ser meir vanleg og folkeleg på det. Ho tar att fordi ho berre slapp til med nokre ord om reality-TV, og om at kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram kan koma til å møta seg sjølv i ordførardøra i KS. Så langt har dei kjent han att.

BONDEARISTOKRATISKE slekter har dominert Nord-Trøndelag i hundreår, ført vidare i Senterpartiet av Arnstad, Almlid, Bartnes og ei lita handfull til. Gram har også god klang i den nordtrønderske politiske, økonomiske og kulturelle eliten. Slekta kom frå trondhjemsk handelsborgarskap og erverva By gård utanfor Steinkjer. Derifrå spreidde dei seg til Skjefte gard, som ligg midt i byen, og som er Bjørn Arild Grams base.

Fredrikke Qvam (1843–1938) var fødd Gram på storgarden By. Ho var pioner i den humanitære og politiske kvinnerørsla med sanitet og stemmerett som kampsaker. I Stortinget måtte ho halda seg på galleriet, men hadde andre kanalar inn i den norske styringseliten i Venstre-staten: Ho var gift med statsråd og statsminister Ole Anton Quam og blei derfor kalla «statsraadinden» i vittigheitsblada.

VERTINNA HAR LITA tru på at automatisk internasjonaliserte og autonome akkademikkarar forstår samfunnsoppdraget dei er sette til å utføra. Først tok dei lærarskulane, så tok dei distriktshøgskulane og gjorde dei til universitetsanneks. Dei vil tena faget og ikkje folket, så dei treng ikkje bry seg med å utvikla norsk språk og formidla praktisk kunnskap for det samfunnet dei er ein del av.

Vertinna liknar dei med importerte og engelskknotande fotballspelarar som knapt veit at dei er somewhere i geografien, men det gjer ikkje så mykje, for dei vonar å koma raskt vidare til ein betre karriere anywhere.

Slik er det ikkje med desse engelskskrivande ungkarane, meistrane og doktorane. Dei aller fleste kjem ikkje ut i den store verda, men må søka teneste i små kommunar, helsestell, skular og offentleg forvaltning her på berget. Det endar vel med at dei må gjennom eit re-integreringsprogram for å koma ned på jorda og bli gagns menneske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement