Milliardane rullar fort i våre dagar
Brua mellom Hareidlandet og Sulesund/Ålesund skulle kosta 13,5 milliardar, så gjekk ho opp til 20 milliardar. No er kostnaden komen opp i 38 milliardar.
Før Stoltenberg II-regjeringa la inn årane, la ho fram ein Nasjonal transportplan (NTP). Det var ein kostnadstorpedo under arka for regjeringa Solberg. For i NTP-en lova Stoltenberg at den sentrale austlandsregionen skulle få såkalla Intercity-tog mellom dei store byane. Men som den taktikaren Stoltenberg er, forstod han at han ikkje kunne gje 150 milliardar pluss pluss til Oslo-området utan at vestlendingane også skulle få. Vestlendingane skulle få ferjefri veg mellom Stavanger og Trondheim. Det vert dyrt.
Denne veka tikka det førebels seinaste kostnadsoversynet inn. Det heiter Riksvegsutredningen 2015. Der ser Statens vegvesen/Vegdirektoratet på kor mykje dei må investera i riksvegane fram mot 2050 dersom dei skal halda seg til dei vedtaka Stortinget har gjort om den norske vegstandarden. Kostnaden er 1000 milliardar kroner. Kor mykje skal vi som samfunn tena på dette gjennom reduserte transportkostnader og spard tid? Diverre ikkje så mykje. Skal Stortinget få dei sentrale vegane mellom dei norske byane opp på eit akseptabelt nivå, vil vi gå i minus med 200 milliardar samfunnsøkonomisk dersom vi nyttar 1000 milliardar. For å skriva om eit fast uttrykk: Vi skal altså køyra for kråkene.
E39 er bra!
Men eitt prosjekt dreg Vegvesenet fram som særs lønsamt: Ferjefri veg mellom Stavanger og Trondheim. Ny E39, seier dei, vil i tillegg til dei prosjekta som alt er i gang, kosta 268 milliardar, og best av alt: Det samfunnsøkonomiske overskotet vert på 47 milliardar, biltrafikken, og dermed produktiviteten, kjem til å auka veldig. Så her er det berre å henta fram teljeapparata og lata bilistane betala for gildet gjennom bompengar. Nja, det er ikkje fullt så enkelt: Vegvesenet fortel ikkje alt om det som står med lita skrift, særleg ikkje den biten om Møre og Romsdal, og spesielt ikkje den om brua mellom Hareid og Sulesund.
For som fungerande vegdirektør Lars Aksnes seier det til Sunnmørsposten om E39 gjennom Sunnmøre: «Det vil selvfølgelig komme bompenger, men med den beregna trafikkmengden vil en betydelig del måtte komme over statsbudsjettet.» For det som ikkje kjem fram av Riksvegsutredningen, er at ferjefri E39 gjennom Møre og Romsdal er svært ulønsamt om vi skal tru tidlegare tal frå Vegvesenet. 120 milliardar av dei 268 milliardane Vegvesenet vil nytta på ferjefri E39, skal etter planen nyttast i Møre og Romsdal åleine.
Her skal vi konsentrera oss om det dyraste enkeltprosjektet langs E39, brua til Ålesund. Inntil i fjor var det to alternativ: bru mellom Festøya i Ørsta og Sula utanfor Ålesund (Fefast) og Hareidlandet og Sula (Hafast). I den fyrste konseptutgreiinga til Vegvesenet frå 2011, den som danna grunnlaget for NTP, sa Vegvesenet at Fefast skulle kosta 9,7 milliardar og Hafast 13,5 milliardar. Fefast er kortaste vegen og ville føra til ei reisetid på 39 minutt mellom Volda og Ålesund, Hafast er 15 kilometer lengre og aukar difor reisetida til 53 minutt. I mars i fjor kom Vegvesenet med nye tal: Fefast skulle kosta 11,5 milliardar, Hafast 20 milliardar. Det klakar på seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.