Miljødetektivane

Ein skal tidleg krøkjast for å verta god kjeldesorterar. Dag og Tid har vore med ei skuleklasse på vitjing til Renovasjonsetaten.

Publisert Sist oppdatert

–?Dette var ein kul plass, kunngjer ein fjerdeklassing med fynd og klem. Han har nett kome i lag med skuleklassa si til skulestua til Renovasjonsetaten, der dei skal få nytta dagen til å læra om attbruk og kjeldesortering.

Det er dei ikkje åleine om. I fjor kom 5868 menneske på vitjing der. Det er ikkje berre born som kjem. Vaksenopplæringa kjem innimellom på vitjing òg. Dei skriftlege materiala finst jamvel på arabisk, urdu, somali og polsk i tillegg til norsk.

Det er tidleg om morgonen på skulestua. Linda Thorsteinsen og Elin Graah byd på kaffi og fortel om korleis born ofte er gode kjeldesorteringsforkjemparar i heimen.

–?Tanken er at borna skal taka med seg entusiasmen heim og vera ambassadørar, seier Thorsteinsen.

Det gjer dei nok. Det er fyrst når ein vert eldre og meir kynisk, at ein byrjar tvila på kva som er vitsen med å nytta so mykje tid på kjeldesortering og attvinning når SSB kan fortelja oss at søppel frå hushalda berre står for 1 prosent av dei samla norske utsleppa av skadelege gifter og miljøgassar, eller at alt papiret norske hushald nyttar på eit år, svarar til dei samla utsleppa frå produksjonen av ni liter mjølk. Det er 14 kilo karbondioksid, som elles svarar til 6,6 minutt av ein flytur over Atlanterhavet. Då kan kanskje ein Osloborgar ergra seg over at han må byggja om søppelkorga so han får plass til grøn, blå og vanleg søppelpose – nei, orsak, avfallspose! – for ikkje å risikera tilleggsgebyr.

Men ein stad må ein kanskje byrja, og borna vert heilt klårt entusiastiske for attvinning. Dei sit som tende ljos og kappast i å svara på spørsmåla til Thorsteinsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement