JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MiljøSamfunn

Under den glatte yta

Stoffa som gjer steikjepanner glatte og jakker vasstette, kan bli forbodne. Det kan vi takke ein sta bonde i Virginia for.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Mirakelstoffet» teflon har vist seg å ha nokre alvorlege skuggesider.

Illustrasjon: Wikimedia Commons

11950
20230526
11950
20230526

Miljø

Peranders@dagogtid.no

Den moderne verda er full av mirakel, dessverre har mirakla ofte ei skuggeside. Stoffa denne artikkelen handlar om, går under namnet PFAS. Dei er òg kjende som ævekjemikala. Dette er av dei mest seigliva molekyla menneska har skapt, og uhyre vanskelege å bryte ned.

PFAS finst truleg i meir enn 10.000 ulike variantar, og du kan finne dei nær sagt overalt: Dei er i teflonpanner og pizzaesker, i datamaskiner og mobilar, i kosmetikk og kontaktlinser. Dei finst i havet og i grunnvatnet, i isbjørnar nord på Svalbard og i albatrossar sør i Stillehavet. Og du kan ta for gjeve at du har dei i blodet ditt.

Kor risikabelt akkurat det er, veit ingen. Men mange studiar tyder på at desse stoffa er kopla til ei rekkje ulike sjukdomar, og forskarane kan ikkje seie sikkert kor den trygge grensa går. No er ein lang kamp for å få eit europeisk forbod mot PFAS nesten i mål. Men utfallet er på ingen måte gjeve. Lobbyistane til industrien kjempar framleis for at produksjonen skal halde fram, og somme av argumenta deira kan finne gjenklang i EU-kommisjonen.

Sterke band

Men kva er desse merkelege, syntetiske substansane kalla PFAS for noko? Den viktigaste av bokstavane i forkortinga er F, som står for fluor. Det fulle namnet på stoffgruppa er «perfluorerte og polyfluorerte alkylstoff». Det alle har sams, er ein grunnleggjande struktur av karbon- og fluoratom. I tillegg kan det vere oksygen eller andre grunnstoff i miksen, det kjem an på kva for ein PFAS vi snakkar om. Men det er dei sterke bindingane mellom karbon- og fluoratoma som gjer desse stoffa så slitesterke – og så nyttige.

Heilt frå dei første variantane vart utvikla i USA seint i 1930-åra, vart desse stoffa sette på som vedundermiddel. Dei kunne lage glatte hinner som lort ikkje festa seg til, med teflonpanner som det mest kjende produktet. PFAS hadde òg sterke brannhemmande effektar, og frå 1960-talet vart desse stoffa vanlege i brannsløkkingsskum. Og fordi PFAS kunne vere vassavstøytande, var det framifrå eigna til impregnering av klede, sko og møblar.

Da dyra til Virginia-bonden Wilbur Tennant byrja å døy, vart det starten på opprullinga av eit stort mysterium. Biletet er frå Tennants eigne opptak.

Dei fluorbaserte stoffa fekk stadig nye bruksmåtar, gav enorme inntekter til dei store kjemiselskapa, og knapt nokon ante at det var noko problem med dei. Inntil kyrne til den amerikanske bonden Wilbur Tennant byrja oppføre seg merkeleg ein gong på 1990-talet.

Mistanken

Garden Tennant dreiv, ligg utanfor småbyen Parkersburg i delstaten West Virginia. Kyrne hans utvikla ei rekkje merkelege symptom: Somme vart aggressive, somme fekk svulstar, somme blødde frå nase og munn. Og dyra kreperte eitt etter eitt, utan at veterinæren fann årsaka.

Sjølv var Tennant overtydd om at ho var å finne på nabotomta. Der hadde det store kjemiselskapet DuPont eit deponi for avfall frå den store fabrikken sin nær Parkersburg, ein fabrikk som mellom anna laga teflon. Kyrne til Tennant drakk vatn frå ein bekk som rann gjennom eigedomen til selskapet.

Men han kom ingen veg med klagene sine overfor DuPont, og det var heller ikkje hjelp å få hos styresmaktene. Så tok han kontakt med advokaten Rob Billott, som normalt sat på andre sida av bordet i slike saker: Advokatfirmaet han arbeidde for, hadde fleire store kjemiselskap på kundelista. Men Billott tok saka likevel, for han vart overtydd om at noko var alvorleg gale i Parkersburg.

Oppdaginga

Og det tolmodige, iherdige arbeidet til advokaten skulle gje store resultat. Billott avdekte at DuPont hadde dumpa store mengder av perfluoroktansyre (forkorta PFOA), ei form for PFAS, på uforsvarleg vis. Stoffet hadde ikkje berre forgifta kyrne til Tennant, det hadde òg ureina drikkevatnet til eit titusental menneske i West Virginia og Ohio.

Saka mot DuPont voks og voks, og selskapet måtte finansiere ein uavhengig studie av helsa til kring 70.000 innbyggjarar som var eksponerte for PFOA-utsleppa i området. Da studien omsider var ferdig i 2011, etter sju års arbeid, konkluderte forskarane med at det truleg var samanheng mellom PFAS-varianten DuPont hadde sleppt ut, og fleire sjukdomar hos menneske. Mellom anna meinte forskarane at stoffet auka risikoen for nyrekreft, testikkelkreft, høgt kolesterol og ulcerøs kolitt. (Desse konklusjonane fekk aldri bonden Wilbur Tennant høyre. I 2011 var både han og kona døde av kreft. Men om sjukdomane deira hadde noko med ureininga å gjere, får vi aldri vite.)

Granskinga som Billott hadde sett i gang, avdekte òg at DuPont heilt sidan 1960-åra hadde kjent til at perfluoroktansyre kunne vere giftig. Og interne studiar selskapet gjorde i tiåra etter, synte at stoffet kunne vere helseskadeleg for dei tilsette ved fabrikkane. Men denne kunnskapen fekk ikkje konsekvensar.

Nye stoff

Ei stund kunne det sjå ut til at skandalen var relativt avgrensa, sjølv om saka var alvorleg nok. DuPont erkjende ansvar og betalte ut over sju milliardar kroner i erstatning til folk som hadde vore utsette for utsleppa. Selskapet avslutta bruken av perfluoroktansyre i 2013, og erstatta det med eit anna stoff kalla GenX, som hadde liknande eigenskapar. Og for å sleppe frå den negative merksemda saka hadde ført til, vart PFAS-produksjonen skilt ut i eit nytt dotterselskap kalla Chemours. Men dette var ikkje over.

Etter eit tid viste det seg at også GenX kunne vere helseskadeleg. Problemet var ikkje avgrensa til perfluoroktansyre. Og forskarane byrja å få mistanke om at mange – kanskje dei fleste – av dei ulike formene for PFAS kunne vere sjukdomsframkallande for menneske.

I oss alle

I tillegg synte nokre av studiane som vart gjorde etter avsløringane i Parkersburg, noko urovekkjande: Det var knapt mogleg å finne ei upåverka kontrollgruppe å samanlikne med. Same kor i verda forskarar testa folk, fann dei PFAS i blodet deira. Rett nok var konsentrasjonane som regel relativt låge. Men kva er eigentleg eit trygt nivå av desse stoffa? Det finst det framleis ikkje sikre svar på, og slike svar er i praksis nær umogleg å finne. Det er både uetisk og ulovleg å eksponere menneske for miljøgifter i laboratorium. Og dei studiane som er gjorde av moglege helseeffektar dei siste åra, sprikjer ein del i konklusjonane, fortel Linda Hanssen, seniorforskar i miljøkjemi ved Norsk institutt for luftforsking.

– Somme studiar tyder på ganske klare samanhengar, medan andre ikkje finn noko særleg. Men eitt av dei klaraste funna er frå Færøyane, som har veldig gode helsedata for befolkninga si. Data derifrå tyder på at eksponering for PFAS fører til dårlegare respons på vaksinar, det vil seie at desse stoffa påverkar immunforsvaret.

Skadeverknadene av PFAS ser altså ikkje ut til å vere like klare som skadane frå miljøgifter som dioksin, PCB eller kvikksølv. Men fordi desse fluorstoffa er så ekstremt seigliva, og fordi så godt som alle i verda er eksponerte for dei, kan konsekvensane likevel vere store. I tillegg til effektar på immunforsvaret tyder fleire studiar på at PFAS kan påverke mellom anna skjoldbruskkjertel, lever, nyrer og stoffskifte negativt.

Kostbart

I 2019 kom The Cost of Inaction, ein rapport om PFAS tinga av Nordisk ministerråd. Der var konklusjonen at desse stoffa førte til svært kostbare skadeverknader for europeiske land. Kostnadene på grunn av ulike helseskadar i EØS-området kunne bli så høge som 84 milliardar euro, medan kostnadene med å fjerne ureining og reinse drikkevatn kunne bli kring det dobbelte, hevda rapporten. Slike tal er openbert særs usikre. Men i Europa som i andre land er det ein stor ryddejobb å gjere mange stader.

Eitt døme er den franske alpebyen Rumilly, der Tefal-fabrikken har produsert mange millionar teflonpanner gjennom åra: Det lokale grunnvatnet er ikkje drikkande på grunn av PFAS-innhaldet. Forever Pollution Project, eit samarbeid mellom 18 europeiske medium, har avdekt at det er fleire tusen stader i Europa med farleg høge PFAS-nivå i vatnet eller i grunnen.

I Noreg har det ikkje vore produksjon av PFAS, dermed er det færre stader med høg konsentrasjon. Men også i Noreg viser forskinga at så godt som alle har PFAS i blodet.

Alle for ein

Så kva kan ein gjere? Å regulere bruken av desse stoffa eitt for eitt vil vere fåfengt. Det har med sjølve karakteren til PFAS-molekyla å gjere: Det vil vere relativt enkelt for kjemiselskapa å erstatte ein forboden type PFAS med andre stoff som har nesten same eigenskapar og kan ha same skadeverknader. Det er bakgrunnen for forslaget som no ligg på bordet i EU-systemet: å slå mange tusen fluger i ein smekk og forby all produksjon og bruk av PFAS. Noreg er eitt av dei fem landa som har vore pådrivar for dette forbodet. Viktigare er det at Tyskland og Nederland er med på initiativet, to land som sjølv har stor kjemisk industri. Forslaget er no ute på høyring, og målet er å få forbodet inn i det europeiske kjemikalregelverket?Reach. Blir det vedteke av EU-kommisjonen, er det historisk: Det vil vere den største og strengaste reguleringa av kjemikal nokon gong.

– Det er ingen annan måte å løyse dette på, vi må ta heile denne klassen av stoff på ein gong. Det finst så mange ulike PFAS, og dei kjem i stadig nye variantar, seier Audun Heggelund, fagdirektør i kjemikalseksjonen i Miljødirektoratet. Han har arbeidd lenge med denne saka og er ikkje i tvil om at dei skadelege verknadene av PFAS er store nok til at forbod er det rette.

– Hovudargumentet er at stoffa er så persistente, dei blir ikkje brotne ned. Vi veit òg at dei blir akkumulerte i næringskjeda og følgjer vassvegane. Og dei fleste typane som er studerte, har toksiske eigenskapar. Nesten ingen av dei stoffa det er forska på, er OK å ha i kroppen.

– Er ikkje kunnskapsgrunnlaget framleis ganske usikkert når det gjeld desse stoffa?

– Nei, det er eg ikkje samd i. Eit overveldande datamateriale peikar i retning av at dei fleste typar PFAS har negative effektar på helse og miljø, sjølv om ulike studiar syner litt ulike effektar, seier Heggelund.

Utfasing

Ikkje berre Europa vil stramme inn på bruken av PFAS. Det same gjer Canada og fleire delstatar i USA. Og teikn i tida tyder på at eit forbod ikkje treng få så store økonomiske konsekvensar. PFAS har fått mykje dårleg presse, og mange store selskap vil ikkje lenger bruke stoffa. Både McDonald’s og Burger King har til dømes lova å fase ut stoffa i all emballasje innan utgangen av 2025. Også nokre av PFAS-produsentane vil slutte å lage stoffa, dels for å unngå fleire søksmål i framtida. Ein av dei er kjempeselskapet 3M (som allereie har fått fleire søksmål mot seg for å ha ureina drikkevatn med PFAS).

På mange av bruksområda finst det andre stoff som kan gjere ein omtrent like god jobb. Ingen er verkeleg nøydd til å bruke fluorskismurning. Men det finst ikkje gode surrogat på alle felt. Og eitt område som peikar seg ut som eit mogleg problem, er produksjonen av mikroprosessorar. Ambisjonen om å verne europeiske borgarar mot helseskadelege kjemikal kan vise seg å kome i konflikt med ein annan viktig ambisjon for EU.

Sprikande mål

Den ambisjonen handlar om at Europa skal bli mest mogleg sjølvberga med mikrochips og ikkje lenger vere avhengig av asiatiske produsentar. Målet er at EU skal ha 20 prosent av prosessorproduksjonen i verda innan 2030. Men ulike former for PFAS spelar ei sentral rolle i produksjonen av mikroprosessorar og dermed i ei lang rekkje produkt med elektroniske komponentar.

EU har lagt opp til ein overgangsfase på heile 13 år for bruken av PFAS i prosessorproduksjon, men talsmenn for industrien meiner det er for lite, skreiv Financial Times denne veka. Etterspurnaden etter desse stoffa er framleis svært stor. I eit intervju fortalde Mark Newman, toppsjef i Chemours (selskapet som DuPont etablerte for å lage PFAS), at han kjende seg som ei rockestjerne på ein konferanse i Japan nyleg: Newman vart nedrent av folk som ville sikre seg nye leveransar av PFAS.

Ein ting kan vi ta for gjeve: Ævekjemikala kjem til å vere med oss så lenge vi lever.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis