Noreg kan få traktattrøbbel
Dei høge kostnadene ved å ta miljøsaker til retten i Noreg kan vere brot på ein internasjonal miljøkonvensjon.
Noah, som her demonstrerer i Oslo, er blant organisasjonane som meiner kostnaden ved å gå til sak for miljøet er for høge i Noreg. I ei sak om lisensfelling av ulv vart organisasjonen dømd til å betale sakskostnader for både staten og tredjeparten i saka.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Miljøvern
eva@dagogtid.no
Noreg har sidan 2003 vore del av Århuskonvensjonen, ein internasjonale traktat som skal sikre borgarane i det som i dag er 46 medlemsland, rett til miljøinformasjon og deltaking i avgjerdsprosessar som har med miljø å gjere. I tillegg seier konvensjonen at borgarar skal ha tilgang til klage og domstolsprøving av avgjerder, handlingar og mangel på handlingar som har følgjer for miljøet, og at ei slik prøving må vere tilstrekkjeleg og effektiv, upartisk, rettvis og ikkje uoverkomeleg dyr.
Fleire juristmiljø og miljøorganisasjonar meiner no at Noreg ikkje oppfyller dette siste punktet i konvensjonen. Det går fram av høyringssvar Klima- og miljødepartementet fekk på utkastet til rapportering om norsk gjennomføring av konvensjonen i fjor haust.
«NIM er bekymret for at det høye sakskostnadsnivået i rettsapparatet generelt, og i klima- og miljøsaker spesielt, forhindrer gjennomføringen av bestemmelsen», skreiv til dømes Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).
Liknande innvendingar hadde Advokatforeningen, som er profesjons- og interesseorganisasjonen for over 90 prosent av alle norske advokatfullmektigar og advokatar, så vel som den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen (ICJ Norge), som er ein uavhengig organisasjon av juristar. Det same hadde Foreningen Grunnloven §112, som jobbar for å styrkje betydinga av den nye miljøparagrafen i Grunnloven, dyrerettsorganisasjonen Noah og miljøorganisasjonen Sabima.
Fleire feil
Den som vil ta ei miljøsak til retten i Noreg i dag, må, som Dag og Tid skreiv om førre veke, vere budd på å kunne betale både eigne og motparten sine sakskostnader om han taper. Samla kan det vere snakk om godt over ein halv million kroner berre i tingretten. Går saka fleire rundar i rettssystemet, kan summen verte fleire millionar kroner.
Det er fyrst og fremst den høge kostnadsrisikoen ved ei domstolsbehandling dei nemnde høyringsinstansane meiner ikkje er i tråd med konvensjonen. Men slik nokre av dei ser det, oppfyller heller ikkje andre prøvingsorgan i Noreg kravet om å vere både effektiv, upartisk, rettvis og ikkje uoverkomeleg dyr.
Sivilombodsmannen, som det er gratis å klage til, kan ikkje treffe bindande vedtak og oppfyller såleis ikkje kravet til effektivitet. Og det vanlege systemet for forvaltingsklagar, der ein klage på eit forvaltingsorgan vert handsama av eit overordna organ, er ikkje alltid upartisk nok, vert det argumentert med.
Nokre av organisasjonane reagerer òg på korleis departementet framstiller kostnadsrisikoen ved å få ei miljøsak prøvd for ein domstol i rapporten om korleis Noreg gjennomfører Århuskonvensjonen.
– Grovt misvisande
I departementets utgreiing av kostnader ved ei domstolsprøving, heiter det at «hvis den (ei sak, journ. merkn.) blir fremmet for tingsretten direkte, påløper det en kostnad på 5125 NOK hvis hovedforhandlingen er satt til en dag. Vanligvis antas at hovedforhandlingen ikke skal ta mer enn en dag. I tillegg til rettsgebyret kommer sidekostnader, eventuelle sakskostnader, kostnad for juridisk bistand m.v.».
– Vi meiner at departementet her teiknar eit bilete av Noregs oppfylling av ein sentral del av Århuskonvensjonen som er grovt misvisande, skreiv ICJ Norge i sitt høyringssvar.
– Etter vårt syn speglar ikkje desse beløpa risikoen for sakskostnader som ein tapande part i eit miljøsøksmål kan måtte bere, melder Noregs institusjon for menneskerettar.
I den endelege rapporten, som er sendt Århuskonvensjonen, skriv departementet at fleire høyringsinstansar har reist tvil om konvensjonen er tilfredsstillande gjennomført i Noreg, mellom anna fordi dei meiner sakskostnadene er høge. Departementet stadfestar òg at sakskostnadsnivået i domstolane har stige dei siste åra, men konkluderer likevel med at det ikkje er «tilstrekkelige holdepunkter» for å seie at kostnadsnivået i miljøsaker generelt er uoverkomeleg høgt og hindrar gjennomføring av Århuskonvensjonen.
Ber om statistikk
Advokatforeningen meiner departementet bør leggje fram statistikk over kostnader ved miljørettssaker og greie ut for både sakshandsamingstid ved domstolane og kor mange miljøsaker som vert handsama i dei ulike rettsinstansane, for å gje eit rett bilete av korleis konvensjonen i praksis er gjennomført i Noreg.
Dei etterlyser òg statistikk over kor mange miljøsaker som vert klaga inn for Sivilombodsmannen, og ei utgreiing av i kva grad forvaltinga faktisk rettar seg etter ombodsmannen, i saker på miljøfeltet.
I høyringssvaret spør foreininga endåtil om desse detaljane er utelatne frå rapporten nettopp fordi det vil kunne skape tvil om dei norske ordningane er i tråd med Århuskonvensjonen.
– Inntrykket mitt er at få miljøsaker kjem til domstolen, på grunn av det høge kostnadsnivået og stor prosessrisiko, seier advokat Arne Oftedal, som leier Advokatforeningens lovutval for klima- og miljørett, til Dag og Tid.
– Meiner de altså at departementet medvite feilframstiller sider ved ordninga i dag?
– Vi har inga oppfatning om korleis departementet har tenkt i saka, men vi meiner det er viktig å gje ei tydeleg tilbakemelding sett frå vår ståstad, svarar han.
Avviser klagenemnd
For å sikre at miljøklagar vert handsama i tråd med krava i Århuskonvensjonen, meiner Advokatforeningen òg – til liks med Foreningen Grunnloven §112, Sabima og Noah – at det bør vurderast å etablere ei eiga klagenemnd for miljøsaker eller ein eigen miljødomstol i Noreg.
I rapporten frå Klima- og miljødepartementet vert dette spørsmålet derimot parkert ved å syne til at Stortinget to gonger har avvist forslag om miljøklagenemnd. Stortinget meinte at tilgangen som enkeltpersonar og organisasjonar har til å klage til næraste overordna forvaltingsorgan, og gå til sak for dei vanlege domstolane, er god nok, også i saker som gjeld klima og miljø. Det er i tråd med vurderingane frå klima- og miljøministeren, skriv departementet.
Advokatforeningen meiner likevel saka bør vurderast på nytt.
– Århuskonvensjonen set krav om at domstolsbehandling på miljøområdet ikkje skal innebere «uoverkomelege kostnader» for den som tek ei sak inn for retten. Oppfattinga vår er at ei domstolsbehandling i to instansar, med sakskostnader på mange hundre tusen kroner, kan innebere ein uoverkomeleg kostnad for mange som elles hadde ønskt å bringe eit krav inn for domstolen, seier Oftedal.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Inntrykket mitt er at få miljøsaker kjem til domstolen, på grunn av det høge kostnadsnivået.
Arne Oftedal, leiar i Advokatforeningens lovutval for klima- og miljørett
Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø