Miljø

Når oljen går på straum

Elektrifisering kan forlengje levetida til felt på sokkelen og føre meir olje og gass ut på marknaden. Er det da eit godt klimatiltak?

Daverande olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) opnar straumforsyninga til Johan Sverdrup-feltet 10. september 2018. Ironisk nok har Framstegspartiet heile vegen vore svært skeptisk til å forsyne plattformene med landstraum.
Daverande olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) opnar straumforsyninga til Johan Sverdrup-feltet 10. september 2018. Ironisk nok har Framstegspartiet heile vegen vore svært skeptisk til å forsyne plattformene med landstraum.
Publisert Sist oppdatert

Soga om elektrifisering av plattformene på sokkelen har sine paradoks. I mange år var dette eit krav frå klimaengasjerte politikarar, medan oljeselskapa stritta imot. No har Equinor og andre oljeselskap blitt svært positive til straumkablane, medan mange miljøvernarar og økonomar tviler på klimaeffekten: Om gassen som ein sparer på plattformene, berre blir svidd av ein annan stad, er det kanskje ingen klimavinst? Tilhengarane peikar på at det same kan seiast om dei fleste klimatiltak: Også bensinen du sparer ved å sykle til jobb i staden for å køyre, kan brukast av andre. Likevel er det bra at du syklar. Men den debatten er ikkje tema for denne artikkelen.

Her skal det handle om ein annan biverknad av å setje straum på sokkelen: Når oljeselskapa slepp å betale kostnaden for CO2-utslepp frå plattformene, ein kostnad som er venta å stige monaleg, kan olje- og gassfelta halde seg lønsame lenger. Dermed kan elektrifiseringa forlenge den norske oljealderen og gje meir petroleum på verdsmarknaden.

Velprøvd

Tradisjonelt har petroleumsinstallasjonane på sokkelen dekt energibehovet sitt med gassturbinar. I dag putrar det over 160 slike små kraftverk ute på plattformene, og dei er hovudårsaka til at Noreg ikkje har klart å kutte klimagassutsleppa nemneverdig dei siste tiåra. Medan utsleppa frå industrien på land har gått ned dei siste 40 åra, auka utsleppa frå petroleumsutvinninga med 71 prosent frå 1990 til 2019. Petroleumsindustrien står for 28 prosent av dei samla klimagassutsleppa i Noreg. Ved å hente straum frå land kunne storparten av desse utsleppa fjernast. Og ideen er gammal.

Alt i 1996 vart den kolossale Troll A-plattforma utrusta med straumforsyning frå land. Dette hadde praktiske og tekniske årsaker, og handla ikkje om klimaomsyn. Men politikarane vart svært interesserte i denne løysinga. Her var det eit verkemiddel som kunne løyse eit stort problem: Korleis kutte kraftig i klimagassutsleppa utan å redusere produksjonen av olje og gass, sjølve mjølkekua for den norske staten?

Skepsis

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement