Miljø
Miljørett for dei færraste
Få miljøsaker vert tekne til retten i Noreg. Miljørettsadvokat Tine Larsen meiner det må verte rimelegare og enklare for folk flest å overprøve forvaltingsvedtak.
Klimasøksmålet mot staten fekk mykje merksemd og kosta organisasjonane bak fleire millionar kroner.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Tenk deg at du bur landleg til, på ein stad du likar deg godt. Så får du vite at det vert planlagt eit masseuttak i området. Du og naboane klagar, fordi de ikkje vil bu ved eit anleggsområde, men òg fordi planane vil skape sår i det karakteristiske terrenget og kan kome til å skade det rike dyre- og fuglelivet i området. Desse konsekvensane er det ikkje sett skikkeleg på i konsekvensutgreiinga, slik de ser det.
Men klagen fører ikkje fram. Kommunen ser òg vekk frå NVEs sterke faglege tilråding om å justere planane av omsyn til eit verna vassdrag like ved. Sidan kommunestyret tek stilling til mange andre saker samstundes, vert masseuttaket vedteke i kommuneplanen utan at politikarane har hatt tid til synfaring.
Alternativa då er å klage til Sivilombodsmannen, som ikkje har høve til å gjere bindande vedtak, eller å gå til domstolen. Vinn de fram i retten, kan de i beste fall behalde status quo. Taper de, risikerer de å måtte betale både eigne og motpartens sakskostnader, altså fleire hundre tusen kroner berre i tingretten. Med andre ord har de lite å vinne og mykje å tape.
Dette systemet inneber ein for dårleg miljørettsleg kontroll, meiner miljørettsadvokat Tine Larsen. Ho er tidlegare styreleiar i Foreningen Grunnloven § 112 og blant dei som tek til orde for å innføre ein miljødomstol eller ei miljøklagenemnd i Noreg.
– Det vert gjort tusenvis av forvaltingsvedtak årleg som har konsekvensar for miljøet, og vi har etter kvart eit ganske omfattande miljøregelverk som regulerer desse, men vi treng meir domstolskontroll for å syte for at reglane vert følgde, seier ho.
Lovbrot
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.