Miljø

Krev rett til å køyre på raudt

Lakselusa skulle vere trafikkonstabel for oppdrettsnæringa. Men så snart det raude lyset kom på, trekte oppdrettarane staten for retten.

Talet på lakselus i oppdrettsanlegga, og skaden lusa gjer på villaksen, skulle setje grenser for veksten i oppdrettsnæringa. No utfordrar 25 oppdrettarar dette systemet i retten.
Talet på lakselus i oppdrettsanlegga, og skaden lusa gjer på villaksen, skulle setje grenser for veksten i oppdrettsnæringa. No utfordrar 25 oppdrettarar dette systemet i retten. Talet på lakselus i oppdrettsanlegga, og skaden lusa gjer på villaksen, skulle setje grenser for veksten i oppdrettsnæringa. No utfordrar 25 oppdrettarar dette systemet i retten.
Publisert

Rettssaka som tok til i Sogn og Fjordane tingrett måndag, kan få store følgjer langs norskekysten i åra som kjem. 25 oppdrettsselskap med anlegg frå Nordhordland til Stad har drege staten for retten. I fjor vart oppdrettarane i dette området pålagde å redusere fiskemengda i anlegga sine på grunn av lakselus, og det vedtaket vil dei ha omgjort. Det står ikkje berre om store pengar, men òg om viktige prinsipp for forvaltinga av oppdrettsnæringa.

Diskusjonane i rettssalen er på eit avskrekkande detaljnivå: Kor lang tid brukar ein laksesmolt på vegen frå Stryn og ut i ope hav? Korleis bør forskarane tråle i fjorden for å fange mest mogleg representativ smolt? Og kor langt ut når ferskvasslaget i overflata i Nordfjord?

Men i botn og grunn er det eitt spørsmål saka handlar om: Kor stor skade gjer lakselusa frå oppdrettsanlegga på vill laks langs norskekysten? Svaret på det er på sikt verdt mykje meir enn dei 250 millionane som oppdrettarane krev frå staten for tapt forteneste.

Trafikklys

Rettssaka dreiar seg ikkje minst om det såkalla trafikklyssystemet som skal brukast til å regulere oppdrettsnæringa. Det vart vedteke i 2017, men fekk ikkje verkelege konsekvensar for oppdrettarane før i fjor. Ordninga deler norskekysten inn i 13 såkalla produksjonsområde, og kvart område kan få grønt, gult eller raudt lys av Nærings- og fiskeridepartementet.

Fargen kjem an på kor stor skade lusesmitten frå anlegga truleg gjer på villfisk i kvart område. Der forskarane meiner at mindre enn 10 prosent av den ville laksesmolten døyr av lus, er det grønt lys: Der kan oppdrettarane auke produksjonen. Der forskarane meiner at lusa drep mellom 10 og 30 prosent av smolten, er det gult lys, det vil seie inga endring. Og i område der forskarane meiner at lusa drep over 30 prosent av smolten, kan departementet påleggje oppdrettarane å redusere fiskemengda i merdane med seks prosent – eit såkalla nedtrekk. Det var eit slikt pålegg som kom for område fire i februar fjor, altså frå Nordhordland til Stad. Også område fem, frå Stad til Hustadvika, fekk raudt lys.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement