Miljø

Hus utan kjærleik

Tomme hus som forfell på bygda, fortel ei historie om landet vårt. Skal alt vernast eller bør noko fjernast, og kven skal i så fall ta rekninga?

Langs vegen mellom Åmot og Stor-Elvdal står eit forfalle hus som ikkje er trygt å gå nær.
Langs vegen mellom Åmot og Stor-Elvdal står eit forfalle hus som ikkje er trygt å gå nær.

Vi har alle passert dei. Tomme bustader med knuste ruter, måling som flassar av, og rote treverk. Kunne husa snakke, kunne dei fortalt historier om ei tid då dei var heimar, då det var lokalbutikk og bygdeskule, postkontor og slikt ein berre ser spor etter i mange bygder i dag, kanskje i form av fleire tomme bygg som ikkje lenger har nokon funksjon.

Forfattaren Marit Eikemo har kalla dei samtidsruinar: bygg som har vore i funksjon i vår levetid, og som også forfell i vår levetid. Bygg som ingen bryr seg nok om til å betale for å gjenreise eller rive; båe delar er kostnadskrevjande prosessar.

Internasjonalt har forlatne hus vorte populære objekt for fotografar, ein trend som er lett å spore i sosiale medium, og som også har spreidd seg til Sverige og Noreg. Dei forlatne bygga dokumenterer dag for dag at historia endrar seg, og at naturen tek over det menneska har reist ifrå. I eit levande lokalmiljø kan det likevel vere delte meiningar om verdien av øydelagde bygg, drifts- og transportmiddel i forfall. Kva skal ein gjere med dei?

Ein attraktiv plass

Ei av historiene dei tomme bygga fortel, er den om sentralisering. Sjølv om nordmenn i større grad enn nordiske naboar har halde fram med å bu på bygdene, klarer ikkje distrikta lenger å reprodusere seg sjølve, som det heiter i den offentlege utgreiinga Det handler om Norge, som vurderer konsekvensane av demografiutfordringane i distrikta.

Ekspertgruppa bak utgreiinga, leidd av professor Victor Norman frå Noregs handelshøgskole, skriv i klartekst at distrikta kan utvikle seg til gode og vakre gamleheimar, dersom folkeframskrivingane frå Statistisk sentralbyrå slår til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement