Miljø

– Misvisande frå ministeren

Noreg har vorte klaga inn for Århuskonvensjonens klageorgan. Klagen førte ikkje fram, ifølgje klima- og miljø­ministeren. – Det er ei lite reieleg attgjeving, ifølgje klagaren.

Publisert Sist oppdatert

Når stortingsfleirtalet to gonger har avvist forslag om å opprette ei miljøklagenemnd i Noreg, har det samstundes lagt til grunn at dagens system er i tråd med Århuskonvensjonen.

I det siste vedtaket, frå 2019, lente stortingsfleirtalet seg òg tungt på eit brev frå dåverande klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), der han argumenterte for at Noreg oppfyller krava i konvensjonen. Han synte òg til at komiteen som handsamar klagar over brot på Århuskonvensjonen, avgjorde ein klage mot Noreg i 2017.

«Klagen gjaldt avslag på krav om miljøinformasjon. Klager hevdet blant annet at det norske systemet for forvaltningsklager og domstolsprøving ikke var godt nok. Klager mente det systemet ikke sikrer tilstrekkelig uavhengighet mellom organet som avgjør saken og organet som avgjør klagen, og at det derfor er lite sannsynlig at klageorganet endrer avgjørelsen det klages over. Klager hevdet også at domstolsprøving var dyrt og tok for lang tid. Klagen førte ikke frem», skreiv ministeren.

Stortingsfleirtalet tolka dette som at klagen «ikke førte frem på noe punkt». Men det stemmer ikkje, ifølgje jussprofessor Ole Kristian Fauchald ved Universitetet i Oslo.

Fauchald stod bak klagen mot Noreg og kallar ministerens attgjeving av saka «lite reieleg» og «ei tilsniking».

– Tok ikkje stilling

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement