Miljø med noko attåt

Det hadde kanskje vore ein føremon om leiinga i Venstre hadde møtt opp i fysikktimane.

Publisert Sist oppdatert

Om Arbeidarpartiet er ørnen i norsk partifauna, som Jens Arup Seip ville ha oss til å tru, må Venstre, skaparen av alt politisk liv, vera Fugl Fønix som gong etter gong stig opp or oska. Sidan det ikkje representerer noka særinteresse, burde partiet for lengst ha vore daudt, men like fordømt dukkar det opp på nytt og på nytt.

Det må vera historia som bergar det, for kven vert ikkje varm om hjarterota når ein tenkjer på den frie bonden, den radikale borgaren, motkulturane, røysterett for alle og «all makt i denne sal»? Venstre er beraren av det meste vi er byrge av i dette landet, og som vi veit, på Vestlandet røystar alle Venstre jamvel når dei røystar på andre parti. Men med Ap kom synda inn i landet, brått var vi alle ein del av eit undertrykkjande klassesamfunn, og verda vart aldri den same.

Kontroversielt!

Nok historie. I dag er Venstre noko så uventa som eit kontroversielt parti; det kjem faktisk med ei rekkje framlegg som er dømde til å føra til ramaskrik. Kva er det denne regjeringa og særleg SV er mest nøgde med å ha fått til? Ikkje veit eg, men eg vil tru at maksprisordninga i barnehagane kjem særs høgt på lista. I faste prisar har kostnadene ved å ha barn i barnehage gått ned med over 60 prosent, og med det har barnefamiliane fått ein dramatisk betre levestandard. Men kva skal dei rike norske mellomlaga med alle desse peng-ane? Venstre vil «gi kommunene ansvar for å fastsette og differensiere barnehageprisen gjennom å avvikle maksprisordningen», kan vi lesa på side 10. Politikk er å vilja; Venstre vil meir.

Det stoggar ikkje der, for på side 11 kan vi lesa at Venstre i praksis vil avvikla lærarskulane òg, dei same lærarskulane som i si tid utdana Venstre-kadrane: Venstre vil ha «økt opptakskrav på grunnskolelærerutdanning-en ved å ha krav om karakteren 4 eller bedre i norsk og matematikk». I eit normalt år, og slik har det vore i snart femten år no, har om lag 70 prosent av dei som vert tekne opp på lærar-utdanninga, dårlegare karakterar i norsk og matematikk enn 4. Og når 70 prosent av studentane forsvinn, forsvinn òg lærarutdanninga. I tillegg vil Venstre at ingen skal kunna undervisa i fag dei ikkje har minst eitt år fordjuping i.

Anten kan ikkje Venstre prosentrekning, eller så har dei tenkt å gjennomføra ein skule-revolusjon. Lønskostnadene ved å ha berre flinke folk i skulen har ikkje Venstre rekna på. Men dei skal få for motet. Venstre, av alle, vil underminera rekrutteringsgrunnlaget for Utdanningsforbundet. Venstre er noko så unikt som eit skuleparti som vil leggja seg ut med dei som arbeider i skulen. Ingen skal heretter kunna skulda Venstre for å vera eit særinteresseparti.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement