Utanriks
Militærmakta rår
Militæret i Myanmar fjerna Aung San Suu Kyi frå makta etter at ho vann det andre demokratiske valet i landet etter nærmare 50 år med militært diktatur.
Den valde leiaren i Myanmar, Aung San Suu Kyi, vart fjerna frå makta i eit militært statskupp måndag 1. februar.
Foto: Athit Perawongmetha / Reuters / NTB
Måndag 1. februar skulle nasjonalforsamlinga i Myanmar tre saman for første gong etter valet i november, der Aung San Suu Kyi og partiet Nasjonalligaen for demokrati (NLD) sikra seg fleirtal, slik dei også gjorde i 2015. I staden gjennomførte militæret eit statskupp, og Aung San Suu Kyi skal vere i husarrest. Marte Nilsen er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (Prio).
– Kvifor ville militæret i Myanmar ta makta frå Aung San Suu Kyi?
– Militæret har hatt stor makt heile vegen, fordi dei og den sivile delen av regjeringa er ei slags koalisjonsregjering, slik det er avgjort i grunnlova. Så det er alltid fleire ministerpostar og ein visepresident som er utpeikte av hærsjefen. Grunnlova, som militæret sjølv skreiv i 2008, og grunnlaget for heile reformprosessen i landet som dei også initierte, gjev militæret tydeleg politisk makt.
– Kvifor gjekk dei då til det steget å gjennomføre eit kupp?
– Det har vore dårleg samarbeidsklima mellom Aung San Suu Kyi og hærsjefen lenge, fordi ho ikkje har late seg styre slik dei har ønskt. Dei har konkurrerande posisjonar i landet. Aung San Suu Kyi ser på seg sjølv som ei landsmoder. Ho er dotter av frigjeringshelten Aung San, som stod for lausrivinga frå britane. Militæret ser på seg sjølv som nasjonens far og garantisten for stabilitet. Dei har motstridande identitetar som ikkje er særleg kompatible. I tillegg kjenner militæret seg tilsidesett. Kina har fått større innpass i Myanmar enn dei hadde ønskt seg, og dei har vorte marginaliserte frå det resterande internasjonale samfunnet etter utdrivinga av rohingyaane i 2017. Og etter valet har NLD, slik militæret ser det, fått for stor makt.
– Kva vil militæret med den nye makta?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.