Mildt ljos gjennom skoddeeimenKva er det som kjem først av embete og forstand? Og kva er god leiarskap?
Kva er det som kjem først av embete og forstand? Og kva er god leiarskap?
Einar Gerhardsen i avslappa positur sommaren 1962.
Foto: Ivar Aaserud / Billedsentralen / NTB scanpix
Eit gamalt tysk ordtak som smaker av fyrstetru lutheranisme, vil ha det til at «den Gud gir eit embete, gir han også forstand». Men ein kan vel slå fast som eit empirisk faktum at embete, vett og forstand ikkje alltid opptrer saman.
Byråsjefen, som har opplevd mykje uforstand frå føresette i politikk og forvaltning, trøystar seg med at ordtaket også finst i ein variant med ønskjande konjunktiv: «Den Gud giver et Embede, ham give Han også Forstand.» Han er særleg glad i tillegget: «– eller i hvert fall en fullmektig.» Det stammar frå den danske diktaren og komponisten Erik Nicolai Bøgh, som sette opp syngjespel, revy og vaudevillar på Christiania Theater midt på 1800-talet.
BYRÅSJEFEN har gode grunnar til å frykta det verste og vona det beste, men kjeldene gir han ikkje rett. Den opphavlege formuleringa var utan konjunktiv – også før den håpefulle konjunktivforma blei språkleg pensjonert og fortrengd til faste seiemåtar som «Herren signe deg og vare deg» og «Leve kongen». Det heiter faktisk heller ikkje «for», men «få» i drikkevisa: «Skam få den som ikke / Andreas sin skål vil drikke».
Problemet for byråsjefen er at han ikkje forstår seg på ironi. Filosofen Hegel (1770–1831) kalla ordtaket ein gamal spøk. Det var nok frå først ikkje eit ukonfirmert tillegg til den augsburgske truvedkjenninga, men ein satire over trua på eit styresett med kongar av Guds nåde.
I MISTILLITSDEBATTEN om Gerhardsen-regjeringa og Kings Bay-saka i Stortinget i 1963 hadde den bondevettuge og infame Venstre-tingmannen Bent Røiseland sin eigen vri på dette med embete og forstand: «Men det gjeld vel ikkje berre for Arbeiderpartiet sine statsrådar!» Ein annan og meir allmenn variant frå same tid snudde det heile på hovudet: «Hadde det endå vore så vel at den Gud gav forstand, gav han også eit embete.»
VERTINNA meiner at det er endå verre, for det nyttar ikkje å ha god forstand og mykje vett dersom vettet er av det dårlege slaget. Ho veit om forstandige folk som mista sitt sunne skjønn og blei firkanta og høgnasa av å få jobb i kommunen – særleg i bygningsetaten. Og dei fekk aldri vettet att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.