Sideblikk

Metaforar og kluss i vekslingane

Vinteridretten har hatt hegemoni som hoffleverandør av livsvisdom til det norske folket.

Stafett er stafett (Jon Herwig Carlsen). Helene Marie Fossesholm vekslar med Ragnhild Haga i Zhangjiakou.
Stafett er stafett (Jon Herwig Carlsen). Helene Marie Fossesholm vekslar med Ragnhild Haga i Zhangjiakou.
Publisert

Sei meg kvar ein kultur hentar metaforane sine frå, og eg skal seia deg noko om verdigrunnlaget og korleis det skiftar over tid, generasjonar, kohortar, klassar, geografi og næringar.

DET EKTE NORSKE har etter sagatida hatt rot i bibelsoga, men stadig færre er konfirmerte og kjenner dei språklege røtene. Med 13 til bords er det ein uriaspost å prøva å gå på vatnet. OL-troppen i Beijing har god psykologhjelp, men for første gong er det ingen prest i støtteapparatet.

Landbruk, industri og fiske har hatt si tid, men det er ikkje lett å gjera metaforisk store varp der lenger. Popmusikken lever, men skjønnlitterære klassikarar står i fare for å vera seg sjølv nok. Marknadsretorikken leverer, og dataspråket erobrar stadig nye domene.

FOTBALLENS BIDRAG er evangeliet etter Drillo: gjennombrotshissig og best utan ball. Nils Arne Eggen las dikt i garderoben og predika godfotteorien og læra om å spela kvarandre gode. Men «det er von i hangande snøre» lånte han frå KrF-politikaren og folkloristen Kjell Bondevik. Han var djupt såra og vonbroten då Senterpartiet sveik regjeringsprosjektet etter Bortens fall, men han ville ikkje gje bort odelsretten for ein linse­velling. (1 Mos 25, 29-34).

VINTERIDROTTEN har hatt hegemoni. I glansåra var skeise­sporten kongeleg og folkeleg hoffleverandør av språkbilde og livsvisdom. Kuppern bidrog med «To indre og vekk me’n» og «Sølv er nederlag». Etter Hjallis står den udiskutable sanninga: «Du kan itj gå på noill.»

«Kluss i vekslinga» har forskingsrapportar og familiepolitikk flytta frå bortre langside til kvardagslivet: foreldre i tidsklemma som må samordna to jobbar og frakting av seg sjølve og barn til og frå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement