Sideblikk

Men kva ville Haakon Lie ha gjort?

DNA har både samtidige og historiske grunnar til å frykta fraksjonar og borgarkrig.

Tidlegare sekretær i Arbeidarpartiet Haakon Lie under eit intervju i 1967.
Tidlegare sekretær i Arbeidarpartiet Haakon Lie under eit intervju i 1967.
Publisert

Faren for splitting sit djupt i Arbeidarpartiets DNA. Det har å gjera med demografi, demagogi og demokrati, pluss tvillingskapet mellom parti og fagorganisasjonar i arbeidarrørsla.

NEDERVD HISTORISK lærdom er å stå saman for å stå sterkt. Ettersom Arbeidarpartiet er ein historisk, regional, sosioøkonomisk og politisk koalisjon, er det ein vanskeleg balansegang.

Det er ulike måtar å leva med slike spenningar på. Ein kan la hundre blomar bløma om ein er viss på at samhaldskreftene sigrar, at alle har same mål når det kjem til stykket, sjølv om midla kan vera ulike og somme er mindre tolmodige enn andre. Som Halfdan Hegtun frå Raufoss lét Even Brattbakken og naboen Anton vera samde om i eit anna parti med stor fortid: «Vi hører tel i Venstre begge to og står følgelig nokså langt ifrå hinænnen politisk.»

ARBEIDARpartiet har hatt ei anna livline sidan den russiske revolusjonen og partikløyvingane på 1920-talet. Først sigra Martin Tranmæl og fagopposisjonen og la partiet fleire revolusjonære hakk til venstre. Sosialdemokratane braut ut i protest mot Komintern og Moskvatesane. Då dei samla seg igjen, hadde dei Sovjet-lojale brote ut og stifta NKP. For å demonstrera at DNA ikkje hadde gått til høgre, kalla Gerhardsen-ungdommen seg «Venstrekommunistisk ungdomsfylking».

Etter desse kalamitetane gjekk det eit langt tiår før Arbeidarpartiet utvikla ein samlande og berekraftig krisepolitikk og fekk regjeringsmakt i 1935. Sidan sat faren for kommunisme og sekterisme med intern strid og splitting generisk fast i partikroppen.

FRÅ VISITTEN I MOSKVA tok DNA med den leninistiske partimodellen og tilpassa han si eiga praktisering av demokratisk sentralisme. Når Partiet hadde lagt linja etter korrekte prosedyrar, skulle alle venda om og tru på det. Som ein leiande kader, Finn Moe, uttrykte det: «Partiets politikk og representanter skal i alle sammenhenger omtales med begeistring.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement