Mektige krefterDet vore mange smeltevassflaumar frå norske brear gjennom åra, men ingen verkeleg store katastrofar. Ein av dei verste flaumane kom frå Demmevatna ved Hardangerjøkulen i 1937, da tok vatnet 20 hus i

Publisert

Det vore mange smeltevassflaumar frå norske brear gjennom åra, men ingen verkeleg store katastrofar. Ein av dei verste flaumane kom frå Demmevatna ved Hardangerjøkulen i 1937, da tok vatnet 20 hus i Simadalen. Løysinga vart å drenere desse vatna med ein tunnel.

I andre delar av verda har smeltevassflaumar frå isbreane vore årsak til ei rekkje store katastrofar. I Peru har flaumar og skred frå smeltande isbrear i Andesfjella teke over 25.000 menneskeliv sidan 1941, ifølgje den amerikanske breforskaren Mark Carey. Breane i Himalaya har truleg eit enda større skadepotensial enn dei i Andes, fordi det bur så umåteleg mange menneske nedstraums. I landa kring Himalaya tek smeltevassflaumar stadig liv og heimar, og trugsmålet veks med den aukande oppvarminga og bresmeltinga: Talet på oppdemde bresjøar i fjellkjeda stig for kvart år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement