Meir profesjonell motstand

Å vere utvalsleiar er ingen spøk. Det var ikkje så lett før heller.

Publisert

NOU-en Skattlegging av vannkraftverk fekk hard medfart av både politikarar, særleg i Sp og Ap, og av tunge interesseorganisasjonar etter framlegginga i september i fjor. Utvalsleiar Per Sanderud meiner at Energi Norge og Landssamanslutninga av vasskraftkommunar fekk gjennomslag med si eiga framstilling av utgreiinga.

– Dei ønskte å leggje utgreiinga død fortast mogleg. Eg meiner at vinklinga deira ikkje reflekterte det faktiske innhaldet. Men eit utval rår ikkje over slike kommunikasjonsressursar som organisasjonane har.

– Har du inntrykk av at politikarane som uttalte seg, hadde lese utgreiinga først?

– Det er vanskeleg å vite, men det var sikkert somme som hadde lese ho. Men litt av problemet er at opposisjonen snakka om dokumentet som om det var eit politisk forslag og ikkje eit innspel til regjeringa. Det er forståeleg, men det øydelegg litt av utgreiingsinstitusjonen.

Massiv lobby

Da havbruksskatteutvalet la fram utgreiinga si 4. november i fjor og tilrådde ein ny grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa, hadde Høgre, Frp og Venstre for lengst sagt nei til ideen. Karen Helene Ulltveit-Moe leidde utvalet, og vil ikkje seie så mykje om mottakinga av utgreiinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement