Meir pengar til Røkke og tyskarane

Langskip-prosjektet, lagring av CO2 på sokkelen, kan verta anten veldig dyrt og mislykka eller veldig billig og særs vellukka, skal vi tru regjeringa.

Brevik har vore heimen til norske sementproduksjon i over 100 år. I Brevik har dei grave etter kalkstein, i Brevik har dei smelta den same steinen.
Brevik har vore heimen til norske sementproduksjon i over 100 år. I Brevik har dei grave etter kalkstein, i Brevik har dei smelta den same steinen.
Publisert

Om vi skal vera ærlege med oss sjølve, og det bør vi vel av og til vera, handlar mykje av norsk klimapolitikk om å verna oljenæringa. Skal vi halda henne oppe gjennom klimakrisa, må vi få ned utsleppa, for slik å hindra at for mange veljarar røystar på parti som vil verta kvitt næringa. Finansdepartementet vedgår til dømes ope at den høge CO2-avgifta på sokkelen, i kombinasjon med at vi er ein del av kvotesystemet til EU, er eit dobbelttiltak som ikkje gjer noko godt for klimaet. At vi no i staden for å senda norsk straum direkte til Europa skal senda han ut i Nordsjøen, er noko få samfunnsøkonomar maktar å rekna heim ­– korkje i reine pengar eller i reduserte CO2-utslepp.

Men at vi vil verna oljenæringa ved å redusera dei direkte utsleppa, sjølv om dei dukkar opp ein annan stad, er på eit vis forståeleg. Om vi ser på 2018 og 2019, to år der oljeprisen ikkje var særleg høg, og ser på kor mykje alle dei store selskapa i verda betalte inn i offentlege kasser, er nummer éin på lista Saudi Arabian Oil. Nummer to er Petoro, som administrerer statens direkte økonomiske engasjement, og nummer åtte er Equinor. Om vi avgrensar oss til Europa, er Petoro nummer éin, Shell nummer to og Equinor nummer tre.

Ja, Petoro er føre både Apple, Samsung og Warren Buffett. Equinor betalte inn 50 prosent meir enn Toyota, verdas største bilprodusent. Takk vera oljen tærer ingenting på AS Noreg. I år har vi nytta enormt med pengar på koronatiltak og alt mogleg anna. Neste år skal vi nytta mykje meir pengar. Så lenge Kina og Asia fôrar oss med billige varer, bit ikkje eingong inflasjonen på. Oljepengane ser ut til å vaksinera oss mot nesten all økonomisk smerte.

Jørgen Kosmo

No har vi byrja med eit nytt klimatiltak: reinsing og lagring av CO2 på sokkelen. Der oljen og gassen kjem ut, skal vi no fylla på med CO2. Norsk sementproduksjon skal verta rein. Vi har vore her før: Månelandinga til Jens Stoltenberg kunne ha vorte ein av dei største konstitusjonelle skandalane i norsk soge. I god tid før valet i 2013 laga Riksrevisjonen ein rapport som synte at vi hadde kasta vekk svære summar på CO2-reinsing på Mongstad. Prosjektet vart så dyrt og vanskeleg at det var null sjanse for at nokon som helst der ute kom til å kopiera oss.

Men riksrevisor Jørgen Kosmo meinte at å offentleggjera rapporten kunne ha påverknad på valkampen, og heldt for fyrste gong i norsk soge attende ein riksrevisjonsrapport av politiske omsyn. Nærast heldigvis for Stoltenberg tapte han valet. Regjeringa Solberg la rapporten i skuffa. Ola Borten Moe la på si side ned prosjektet i den korte perioden mellom valet og bytet av statsrådar. Statoil la dessutan kort tid etterpå ned heile gasskraftverksatsinga, etter at staten hadde nytta 14 milliardar på teknologien som ikkje kunne forsvarast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement