Meir innvandring med Frp

Mellom folk som sa dei skulle røysta Frp før valet, ynskte 96 prosent ein stramare innvandringspolitikk. No som Frp sit i regjering, vert det fleire liberaliseringar av innvandringsregimet.

Publisert Sist oppdatert

Nokre bakgrunnstal før den nye innvandringsavtalen mellom regjeringa og KrF og Venstre: I 1970 var 1,3 prosent av folkesetnaden i Noreg av utanlandsk bakgrunn. 1. januar 2013 var det same talet 14 prosent. Då var det 593.000 innvandrarar med permanent opphaldsløyve i Noreg og 117.000 norskfødde med innvandrarforeldre. Auken frå året før var på 55.300, den raskaste tilveksten nokon gong.

I 2012 vart det fødd 60.600 born i Noreg, 52.000 av desse hadde etnisk norske foreldre. I 2012 døydde det 43.000, stort sett alle desse var etnisk norske. Då vert det norske folkesetnadoverskotet om lag 9000, innvandringsoverskotet var altså 55.300. Det tyder at den samla veksten var på 64.000 menneske. Jamvel om vi tek høgd for at nokre av dei som døydde, hadde utanlandsk bakgrunn, var innvandringsveksten i folkesetnaden seks gong­er så høg som den etnisk norske veksten, reelt sett truleg høgre sidan nettoverskotet på innvandring ikkje seier noko om kor mange nordmenn som flytte frå Noreg. I tillegg kjem alle dei som ikkje har permanent opphaldsløyve, men som er her likevel.

Veksten heldt fram i 2013. I fjor, seier UDI, fekk 33.900 frå land utanfor EØS opphaldsløyve; det er rekord. 35 prosent fekk koma gjennom familie­innvandring, 11.900, som òg er rekord. 65 prosent av asylsøkjarane fekk opphald, som også er rekord. I tillegg fekk 12 prosent av dei som klaga på avslag, opphald etter klageprosessen. Dei to største gruppene som fekk asyl, var eritrearar (2200) og somaliarar (1300), sistnemnde fekk òg flest familieinnvandrarar, i hovudsak gjennom henteekteskap (1300).

Oppsummert: Noreg er per dags dato det landet i verda som relativt til folketalet gjev flest permanente opphaldsløyve av alle statar. Vi er no verdas fremste innvandringsland og veks like raskt som India, 1,3 prosent i året. Om dagens nettoinnvandring held seg, vert vi 15 millionar menneske før hundreåret er over. Går nettoinnvandringa ned til 30.000 per år, vert vi 13 millionar, seier SSBs framskriving av folkesetnaden. Vi har no ei større nettoinnvandring enn USA har hatt nokon gong etter borgarkrigen.

Grunnlaget for Frp

Same kvar ein måtte høyra heime på den politiske skalaen, så kan vi vera samde om att dette er ei relativt dramatisk endring på relativt kort tid. Og her ligg nok lykelen til Frps suksess, for jamvel om partiet har gått frå å vera eit liberalistisk lågskatteparti til å verta eit populistisk utgiftsparti, så har dei i meir enn tretti år no vore ein konsekvent motstandar av masseinnvandring. Det såg vi seinast i valkampen då partiet «lak» ein stor innvandringsrapport, som faktisk må seiast at heldt eit relativt høgt fagleg nivå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement